Universitetet for Miljø- og Biovitenskap

UMB blir skatteparadisfritt universitet

Lokale initativ Stikkord:

Universitetet for Miljø- og BiovitenskapStudenttinget på Universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås har vedtatt at de vil at UMB skal unngå leverandører fra skatteparadis.

Vedtaket fra studenttinget

Følgjande resolusjon oversendast leiinga ved UMB:

UMB som skatteparadisfri sone

Studenttinget vil at universitetet skal utvikla betre rutiner for anbod og samarbeid med selskap, for å hindra bruk av skatteparadis.

Skatteparadis kjenneteiknast ved:

  1. Svært låg eller ingen skatt på kapitalinntekt
  2. Lite innsyn i saker om eigarskap eller mangel på sådan
  3. Manglande, eller mangelfull, informasjonsutveksling med andre land og jurisdiksjonar om skattemessige forhold

Dette fører til at skatteparadis tilbyr gunstige vilkår for å unngå skatt eller skjula utbytte frå kriminalitet. Å krevja at selskapa universitetet kjøper varer og tenester frå ikkje er tilknytta skatteparadis, vil vera med og kjempa mot kriminalitet og skatteundragelse.

Studenttinget oppfordrar UMB til å:

 

  • Krevja at selskap som UMB samarbeider eller handlar med, skal leggja fram land-for-land-rapportering. Land-for-land-rapportering inneber at selskap må rapportera informasjon som inntekter, utgifter, skatt og tilsette for kvart land dei opereret til, i motsetning til berre ein overordna rekneskap for konsernet som heilskap.
  • Ikkje kjøpa varer eller tenester frå selskap med tilknyting til skatteparadis.

Sakspairer fra Studenttingets møte med hele resolusjonen