ForAEuropeanSpring_StorVi har sett ein av dei kaldaste europeiske vintrane i manns minne. Kuttpolitikken frå EU og IMF held fram, trass massive protestar frå millionar som blir råka og millionar som fryktar å bli det. Attac Noreg vil uttykke solidaritet med alle som slåst for eit meir rettferdig Europa og jobbe for at Noreg ikkje profitterer på andres naud.

I mars brakar det laus igjen. 13. mars er felles europeisk aksjonsdag i regi av Euro-LO (ETUC), tilsvarande det vi såg i november i fjor med felles aksjonar i heile Europa. 14. mars blir aksjonane sentralisert i Brussel, som opptakt til EU-toppmøtet. I byrjinga av juni blir Alter Summit halden i Aten, eit initiativ for å samordne kampen for å styrke solidariteten i Europa. Dette er gode initiativ som Attac Noreg aktivt er med på og stør opp om.

Landa i Europa treng ein politikk som kan bryte finansmarknadenes dominans over økonomien, ein politikk der økonomisk utvikling, sosial utvikling og økologisk utvikling blir sett i samanheng. Innbyggjarar, politiske rørsler og sosiale rørsler oppmodast til å kjempe både på nasjonalt og europeisk nivå for å endre reglane som ligg bak det noverande økonomiske systemet.

Attac ønsker å støtte opp om kampen for å skape eit meir demokratisk Europa. Vi inngår i dei sosiale rørslene sitt arbeid for styrke faglege rettar, velferdssystem basert på omfordeling og auka demokratisk kontroll over økonomien.

Ei anna verd er muleg, eit anna Europa er naudsynt. Det felles europeiske Attac-nettverket har samla seg om fleire djuptgripande tiltak. Tiltaka vil vera store og viktige steg på vegen mot eit gjenreist solidarisk Europa.

  • Slutte å bruke skattepengar for å redde bankar
  • Boikotting av skatteparadis
  • Direkte utlån frå sentralbankar til statar i staden for forrentande mellomledd
  • Slutt på privatisering i offentleg sektor
  • Demokratisk styring av finansinstitusjonane
  • Innføring av skatt på finanstransaksjonar
  • Demokratisering på alle nivå i samfunnet

Attac vil ta initiativ til ei felles norsk solidaritetsrørsle for å få slutt på tragedien vi ser utanfor stovedøra vår. I november i fjor deltok ei rekkje organisasjonar på markering i Oslo utanfor den spanske ambassaden og ved EU-delegasjonen medan kontinentet kokte. Det komande året skal vi jobbe for å sjå troppane samla igjen. Vi vil sjå ein europeisk vår.

Les meir på http://foraeuropeanspring.org/

(Vedteke av landsmøte i Attac Noreg 24. februar 2013)