Protester mot TISA-avtalen. Kvifor?

Handelspolitikk  | Kronikker Stikkord: ,

Den 18. april er global aksjonsdag mot frihandelsavtalane TISA, TTIP. Desse avtalane påvirkar minst femti land, og Norge har vore med i forhandlingane om TISA, handelsavtalen for tenester, i omlag to år.

Kronikk i Sunnmørsposten 14. april av Odd Tarberg

Kvifor blir det bråk om dette?

Det enkle svaret er at dette er avtalar som nokre vil tene på, og andre vil få store problem med. Meir presist: dei sterke (mest konkurransedyktige konserna) vil ha fordeler av avtalane, dei svake (mindre konkurransedyktige) vil få det verre. Dei som kjenner til dei problema som bygg- og transportsektoren her til lands har opplevd dei siste åra, vil vite kva type problem TISA-avtalen vil kunne forsterke på nær sagt alle tenkelege tenesteområder.

Ideologi

Vi som protesterer mot TISA-avtalen, og den forsterka handelsliberaliseringa den vil føre med seg, vi gjer dette fordi dei som tradisjonelt har “styrt med” denne delen av politikken, dvs leiinga og byråkratiet i UD, dei siste tre-fire tiåra, meir og meir har praktisert ein ideologi som ser ut til å sette grenselaus frihandel over alle andre omsyn. Dette er ein tendens som vi ser igjen i endringar i norsk handelspolitikk innanfor Verdens Handelsorganisasjon, WTO, og som no gjennom det som har lekka ut frå TISA-forhandlingane, har blitt endå tydelegare.

For å vise at eg ikkje tar dette ut av lause lufta, så kan eg bruke eit eksempel frå EU-leiinga sin argumentasjon. Den er knytta til ein strid om ei tvisteløysingsordning knytta til slike avtalar, ISDS, som gir store konsern høve til å saksøke styresmakter dersom konserna taper framtidige inntekter, for eks pga innføring av meir helsefremmande regelverk (Philip Morris-saka). I si orientering om slike tvisteløysingsordningar, skriv EU at: «By preventing retaliation before a dispute settlement procedure has been completed, trade damaging unilateral action is avoided.» (http://ec.europa.eu/trade/policy/accessing-markets/dispute-settlement/ )

Her står det altså at desse ordningane hindrar «handelsskadelege tiltak» frå styresmaktene si side. For den ideologien som ligg bak desse avtalane, er det altså viktigare å unngå «handelsskadelege tiltak» enn å unngå for eks helseskader..

Tillitsbrot

Denne avtalen er altså Norge på veg inn i, dersom ikkje protestane fører fram. Og Norge har altså starta forhandlingar om denne avtalen i 2013 uten den ringaste politiske diskusjonen på førehand. Dette er i seg sjølv svært alvorleg, ettersom denne avtalen i sterk grad påvirkar forhold som det så avgjort er grunn til å diskutere, forhold som har med fundamentale ideologiske skillelinjer i politikken å gjere. Det opplevest som eit alvorleg tillitsbrot når det no blir tydeleg at regjeringa, i det stille, har alliert seg med krefter som set interessene til storkonsern og finans over interessene til vanlege folk, og i strid med at folket så tydeleg har sagt frå om at Norge bør halde på den politiske sjølvråderetten vi enno har.

Når forhandlingane om ein TISA-avtale kom i gong mellom femti av dei rikare landa, mellom dei altså Norge, så skjedde det etter at mange uland hadde sett foten ned for tilsvarande liberalisering av tenestehandelen innanfor WTO. Dei såg tydeleg at dette ikkje var i deira interesse, og nekta heldigvis å gå vidare med den prosessen. Dette ville så storindustriinteressene i USA og EU ikkje finne seg i, og fekk dermed sett i gang desse TISA-forhandlingane utanfor WTO mellom femti meir ”villige” land..

Klar motstand

I Norge har skepsisen mot TISA vakse særleg det siste halve året. Sp, SV og partiet Raudt, er alle klart mot avtalen. Når det gjeld Ap, så er det også der veksande skepsis, og partiet har nyleg kome med klare vilkår for at dei skal kunne gå inn for avtalen, vilkår som virkar lite sannsynlege å få innfridde. Elles er det organisasjonane Handelskampanjen og Attac som har gjort den viktigaste jobben med å vekke opinionen og det politiske miljøet i denne saka. Også fleire LO-forbund har markert klar motstand mot TISA. I den seinare tid har også Nei til EU og kome på banen, og det med god grunn når vi ser på den pådrivarrolla EU-leiinga har i TISA og TTIP samanheng.

Aksjonsdagen mot TISA og TTIP no den 18. april, blir så avgjort ikkje det siste folk får høyre om desse avtalane. Tilhengarane håper at TISA-avtalen blir ratifisert i 2016. Motstandarane håper at den og liknande avtalar blir lagt i skuffen for godt.

Hva skjer på aksjonsdagen? Se her