Småbrukarane fører ein global kamp

Blogg Stikkord: , ,

De følgende to fanere endrer innholdet under.
Marlyn Martínez og Dioneider Carrascal

Marlyn Martínez og Dioneider Carrascal

Dioneider og Marlyn studerer kommunikasjon og er begge aktivistar i bondenettverket CNA. Denne hausten er dei på Latin-Amerikagruppene si solidaritetsbrigade til Norge. I Norge fokuserer dei særleg på jorbrukspolitikk og småbrukarar sine alternativ til jordbruksindustrien, urfolkspolitikk, feminisme og fredsarbeid. CNA eller Nettverket for småbrukarar i Colombia er eit landsdekkande nettverk for bønder som jobbar for småbrukarar sin rett til matsuverenitet og ein agroøkologisk matproduksjon.
Marlyn Martínez og Dioneider Carrascal

Siste innlegg fra Marlyn Martínez og Dioneider Carrascal (se alle)

Me småbrukarar manglar garantiar som sikrar vår kultur, identitet og tradisjon. I dag blir vår eksistens som samfunnsgruppe trua av eit nyliberalt og kapitalistisk system der profitt trumfar velferd. Me har ført ein historisk kamp og vil fortsette å kjempe for våre rettar, med målsetting om å demme opp for presset mot eit stadig meir industrialisert og profittretta jordbruk.

Colombianske myndigheter snakker med to tunger når de snakker om fred. Her møter utenriksminister Børge Brende Colombias president Juan Manuel Santos under høynivåuka i FN i 2016. Foto: UD

Historisk har denne kampen vorte undertrykt, stigmatisert og underkommunisert av statar som ikkje ønskjer å erkjenne det viktige arbeidet me småbønder gjer for å sikre betre og meir fredelege samfunn. Mange stader ser myndigheitene det som ein trussel når folk organiserer seg, og somme stader søker ein å presse folk til å kun tenke på seg sjølv, i staden for å fokusere på det kollektive.

Me trur likevel at det er avgjerande å stå saman, organisere seg og vise solidaritet med kvarandre. Som småbrukarar ønskjer me å leve i harmoni med naturen og ta vare på den – ikkje utbytte den gjennom industriell produksjon og profittmaksimering. For oss betyr utvikling noko anna enn det ein tradisjonelt legg i dette omgrepet. For oss betyr utvikling at me skapar band mellom naturen og menneska som bur i den. Dette er difor eit viktig prinsipp for småbrukaren at menneske viser respekt for moder jord, men også at me skal bruke det jorda gir oss til å sikre velferd og eit godt liv for alle.

Småbrukarar sin kamp i Colombia

Den globale analysa presentert i første del av dette innlegget, gjeld også i høgste grad for Colombia. I mitt heimland respekterer ein ikkje at folk organiserer seg for å forsvare jorda si og retten til å sjølv velje korleis, og kva ein skal dyrke. Med dette arbeidet har våre organisasjonar gjort eit viktig fredsbyggande arbeid, og det betyr at våre forslag ikkje berre er meinte for småbrukarar og urfolk, men for heile det colombianske folket. Me er overtydde om at Colombia bør gå bort i frå ein økonomi basert på utvinningsindustri, slik som gruve og plantasjedrift, til ein alternativ økonomisk modell som set folk sin velferd i sentrum.

Kvifor meiner me dette? Utvinningsøkonomien har mange negative konsekvensar for vanlege folk. Når utanlandske selskap går inn med investeringar i våre område aukar konfliktnivået i lokalsamfunna, og ein får meir vald mot sivile, meir press frå væpna grupper og intern fordriving. Dette viser at utvikling basert på utvinningsindustri er ein økonomisk modell som kun gir fordelar til elitane. I Colombia er dette folk som har rana til seg store jordområder, og som fører ein politikk med mål om å undertrykker store delar av befolkninga, og ein politikk som tek ifrå dei moglegheiter og rettar dei har krav på.

Grasrotmobilisering mot undertrykking

Som eit svar på denne undertrykkinga organiserer me oss på grasrota. Me jobbar særleg med å spreie informasjon, bygge nettverk med andre organisasjonar, og ikkje minst utviklar me eit alternativ til den konvensjonelle økonomiske modellen. I denne alternative modellen skal det kollektive, sjølvbestemmelse, menneskerettar og feminisme stå i sentrum.

Ei stor utfordring i dette arbeidet er at det i dag er vanskeleg å heve stemma når ein er kritisk til samfunnsmodellen i Colombia. Når me gjer dette opplever me kriminalisering, truslar og eller at me rett og slett blir ignorerte i dei store media. Det må bli slutt på stigmatiseringa av småbrukarar og urfolk. For oss som organisasjon er det difor viktig at ein også tek tak i den symbolske valda.

Ei anna utfordring i Colombia er dei enorme økonomiske forskjellane. Me ser ei tendens til at meir jord blir samla på færre hender. I dag ligg GINI-koeffisienten på 0.88, dette betyr i praksis at størstedelen av befolkninga i landet mitt ikkje eig jord. Den økonomiske modellen reflekterer og forsterkar denne skeivfordelinga, fordi den er basert på jordbruksindustri, storstilt plantasjedrift, gruvedrift og vasskraftutbyggingar. Alt dette rettferdiggjer myndigheitene med ein diskurs om berekraftig utvikling. Me småbønder og urfolk er ueinige med denne diskursen.

Myndigheitene snakkar med to tunger

Slik snakkar myndigheitene med to tunger. På den eine sida snakkar dei om fred og at dei skal løyse den væpna konflikta med geriljaene, men på den andre sida fortset dei med denne uheldige økonomiske politikken. Internasjonalt framstiller den colombianske staten det som om dei har skapt fred med å underskrive ein fredsavtale, men me meiner at det ikkje er så enkelt. Om ein skal sikre ein varig fred må ein inkludere samfunnet i prosessen, i tillegg er det utruleg viktig ta tak i dei strukturelle problema som alltid har resultert i at colombianarar flest ikkje har tilgang til grunnleggande tenester som utdanning, helse, husvære og eit verdig arbeid.

Til slutt er det viktig å spørje seg kven freden i Colombia skal byggast for. Skal me bygge fred slik at utanlandske investorar skal kunne tene meir pengar i landet vårt, eller skal me bygge ein fred som sikrar rettferd og moglegheiter for oss som bur i Colombia? Me meiner at freden skal byggast i kollektivt, i ein dialog mellom samfunn og stat. Det er berre slik me kan få den freden me ønskjer oss – ein fred der velferd og sosial rettferd står i sentrum.

Teksten er omset av: Jørdi Losnegård, Latin-Amerikagruppene i Norge, LAG