Attac Norges høyringsinnspel til ny personopplysningslov

Attac Stikkord: , , ,

Attac Norges høyringsinnspel til Justis- og beredskapsdepartementet om ny personopplysningslov – gjennomføring av personvernforordningen i norsk rett.

Attac Noreg sett pris på moglegheita til å komme med høyringsinnspel til ny personopplysningslov.

Vi helsar velkomne sterkare personvernlovgjeving. Med ei utvikling der nokre få store selskap har veldig mykje informasjon om korleis kvar og ein av oss fer fram på internett, er det presserande at myndigheitene også hengjer med. Det er stadig meir avgjerande at regelverket sikrar at vi kan leve vårt digitale liv utan å uroe oss for kva gigantfirmaa gjer med dataa våre.

Den nye lova vil etter vårt syn vera eit steg i rett retning i så måte, og Attac Noreg er positive til hovuddelen av framlegget.

Vi vil samtidig åtvare Regjeringa mot at denne lova kan bli sett under hardt press i forhandlingar om handels- og investeringsavtalar. Vi merker oss også med uro at formuleringane i personvernforordninga er litt ulne på dette feltet. Her refererer vi særleg til punkt 101 i forordninga, som startar med “Strømmen av personopplysninger til og fra stater utenfor Unionen og internasjonale organisasjoner er nødvendig for å kunne
utvide internasjonal handel og internasjonalt samarbeid.”, og punkt 102 i forordninga, som i den norske uoffisielle omsetjinga lyd “Denne forordning berører ikke internasjonale avtaler inngått mellom Unionen og tredjestater om overføring av personopplysninger, herunder nødvendige garantier for de registrerte. Medlemsstatene kan inngå internasjonale avtaler som omfatter overføring av personopplysninger til tredjestater eller internasjonale organisasjoner, så lenge nevnte avtaler ikke berører denne forordning eller andre bestemmelser i unionsretten og gir et egnet nivå for vern av de registrertes grunnleggende rettigheter.” (s. 19)

Eit eksempel på ein handels- og investeringsavtale som vil kunne setje dei elles gode prinsippa i lova under kraftig press, er den omdiskuterte TISA-avtala. Attac Noreg meiner det ligg mange gode grunnar føre til å legge arbeidet med denne avtala bort for godt, og vi presenterer villig desse ved dertil eigna høve. Vår primære tilråding vil altså vera at Regjeringa trekkjer Noreg ut av forhandlingane om avtalen.

Sekundært bør iallfall personvernet sikrast. Ut frå lekkasjane som har komme, har det eksisterande framlegget til TISA-avtale eit eige kapittel om e-handel. Av det vi har registrert som er komme ut om situasjonen i forhandlingane, er det nettopp på spørsmål om personvern usemja mellom partane er tydelegast og avstanden er størst. Vi ber Regjeringa vera aktsame og tydelege på at avtala ikkje skal ramme personvernet.

Attac Noreg vil generelt sterkt oppfordre Regjeringa til å sikre personvernet i alle framtidige handels- og investeringsavtalar.

Også i samband med ministermøta og forhandlingane i Verdas handelsorganisasjon (WTO), er det grunn til å vera på vakt. I desember er det nytt ministermøte i WTO, og fleire land vil etter sigande ta opp personvern-relaterte spørsmål her. Attac Noreg ber Regjeringa sørgje for å sikre personvernet også i desse forhandlingane.