Når medlemslanda i WTO i desse dagar møtest til ministermøte i Buenos Aires er også Norges Bondelag på plass. Kvifor det? Norske bønder produserer jo nesten utelukkande for den norske marknaden, kvifor skal vi bry oss med internasjonale handelsreglar?

Svaret er at WTO set rammer både for kor høg toll Noreg kan bruke og kor mykje støtte den norske bonden kan motta. Støtte og importven er heilt nødvendige ingrediensar for at den norske forbrukaren skal kunne setje norsk brød og mjølk på bordet. På forhandlingsbordet i Buenos Aires ligg forslag som kan bety ei halvering av viktig norsk støtte.

Allereie dagens WTO-avtale, framforhandla i 1994, påla Noreg å legge om tollvernet og redusere støtta til bøndene. Forhandlingane om ei ny WTO-avtale starta i 2001 og er framleis ikkje ferdige. Mange medlemsland er blitt utolmodige og inngår i staden avtaler med enkeltland eller regionar. Desperasjonen etter å kunne vise til resultat er no blitt så stor at WTO har gått bort frå prinsippet om at ingenting er ferdig forhandla før alt er ferdig. Det opnar for å forhandle ferdig enkeltområde og la vanskelege saker stå igjen.

Støtte til bøndene er ei slik sak som vil kome opp på ministermøtet i desember. På forhandlingsbordet ligg fleire forslag til kutt i det WTO kallar handelsforstyrrande gul støtte. Dette er støtte som er knytta opp til produksjonen, som til dømes støtte per liter mjølk eller kilo kjøt.

Størsteparten av den norske handelsforstyrrande støtta blir rekna utifrå såkalla målprisar. Dette er maksimumsprisar på t.d mjølk, korn og svin som blir forhandla fram under jordbruksforhandlingane. Denne støtta finn du ikkje igjen på noko budsjett. WTO reknar det som ei støtte at norske bønder får høgare prisar enn verdsmarknadsprisane, rekna ut frå åra 1986-1988, som var referanseåra då WTO-avtala vart inngått i 1994. Det seier seg sjølv at det blir mindre og mindre plass under det norske tillatte taket på 11,449 mrd kr for kvart år som går og prisar og kostnader stig. Noreg har allereie teke ut fleire produkt frå målprissystemet for å halde seg innanfor tillate nivå. Det same dilemmaet har India, som berre kan gi prisstøtte tilsvarande 10% av produksjonsverdien, også her med referanseåret 1986-1988.

EU og Brasil m.fl har foreslått eit tak på denne typen støtte, basert på eit lands produksjonsverdi for jordbruket. Med eit sannsynleg tak på 15% vil verdas største eksportørar, som EU og USA, sleppe kutt, medan små nettoimportørar som Noreg og Island må halvere støtta. Blir det inngått ei slik avtale kan WTO slå seg på brystet og vise at dei framleis har livets rett, medan effekten på verdshandelen er lik null.

Alle land i verda burde få lov til støtte oppbygging av matproduksjon til sitt eige folk. Det gjeld så vel prisstøtte til norske mjølkebønder som støtte til indiske bønder for oppbygging av matvarelager. Vi må ikkje gløyme at det er heimemarknaden som er viktigast for dei aller fleste bøndene i verda. 80-90% av jordbruksprodukta forlet aldri heimemarknaden. Samtidig viser ferske tal frå FN og OECD  at stadig fleire blir avhengige av import for å trygge matforsyninga. Nettoimporten til Afrika og Asia er venta å auke enno meir, samtidig som eksporten blir konsentrert om stadig færre land. Kombinerer ein dette med klimaendringar, blir det meir og meir risikabelt å berre basere seg på import frå stadig færre land.

WTO bør legge til rette for å oppretthalde ein produksjon av jordbruksvarer i alle land, og ikkje gjere vedtak som undergrev alle lands rett og plikt til å brødfø sitt eige folk.

Hildegunn Gjengedal