Er EFTA ein handelspolitisk ulv i fåreklær?

Blogg| Handelspolitikk Stikkord: , , ,

De følgende to fanere endrer innholdet under.
Odd Tarberg

Odd Tarberg

Odd Tarberg har interessert seg for internasjonal økonomi og handelspolitikk sidan tidleg på 1980-talet, og var aktiv mot den TTIP og TiSA-liknande MAI-avtalen (Multilateral Agreement on Investment) som vart stansa i tolvte time i 1998.
Odd Tarberg

Siste innlegg fra Odd Tarberg (se alle)

Norge forhandlar gjennom EFTA med 15 land om meir handelsliberalisering.

Daværende næringsminister Monica Mæland på EFTA sin annonsering av forhandlingene mellom EFTA og Ecuador. EFTA forhandler i dag om handelsavtaler med 15 land. Foto: EFTA Sekretariatet

Til ekstrem-liberalistane sin store irritasjon, fekk dei ikkje alle WTO-landa fort nok med på vidare deregulering av verdshandelen. Derfor sette «dei mest villige» i gong med forhandlingar om dei svære frihandelsavtalane TTIP, TTP og TiSA. Til all lukke har også desse avtalane møtt kraftig motstand, noko som har gjort det tydeleg at slike avtalar slett ikkje er bra for alle. At såpass ekstremt liberalistiske avtalar berre er bra for dei sterkaste, mest konkurransedyktige konserna som opererer internasjonalt. Med dei store nye handelsavtalane meir eller mindre i vranglås, er det no ein stim av mindre handelsavtalar som er under forhandling.

Og det er her EFTA kjem inn i bildet. Frå starten av hadde dette frihandelsforbundet som hovedformål «å fjerne skranker for handelen mellom medlemslandene», noko som ser heller «uskuldig» ut ettersom EFTA etter 1995 berre har hatt Sveits, Island, Norge og Liechtenstein som medlemar. Etter først å ha spelt ei sentral rolle i å få medlemslanda, med unnatak av Sveits, inn i EØS i 1994, ser vi no at EFTA-forbundet er i ferd med å «gå globalt», som vi kan lese i Store norske leksikon: «Siden 1995 har EFTA-landene lykkes i å etablere en rekke frihandelsavtaler, både med land og regionale handelsorganisasjoner, så vel i Øst-Europa, Midtøsten, Afrika, Asia og Amerika. Ofte har EFTA her fulgt i EUs fotspor, men slett ikke alltid».

Norge i dag, gjennom EFTA, faktisk i gang med frihandelsforhandlingar med 15 land. Tildels svære land som Mercosur-landa Argentina, Brazil, Paraguay og Uruguay. EFTA har altså for lengst utvikla seg til noko heilt anna enn eit avgrensa samarbeid mellom fire mindre europeiske land. EFTA er faktisk i ferd med å verte ein reiskap for handelsliberalisering som meir minner om dei kritiserte TTIP- og TiSA-avtalane. Franske bønder har for eksempel uttrykt stor uro for at ein liknande avtale som også EU no forhandlar med dei same Mercosur-landa, vil sette mange ti-tusen franske arbeidsplassar i fare. Store tollreduksjonane på kjøtvarer frå Sør-Amerika vil gi ein konkurransesituasjon som europeiske bønder vil få store problem med å møte…

Det som blir sagt om EFTA sin offensiv på frihandelsområdet, minner sterkt om det vi har høyrt om TTIP og TiSA-forhandlingane: «Tollettelser og sikring av mer stabile rammevilkår for handel har hele tiden stått sentralt ved inngåelse av nye frihandelsavtaler. Avtalene har etter hvert fått et utvidet virkeområde ettersom også fjerning av ikke-tollmessige handelshindre, liberalisering av tjenester og regler for sikring av investeringer har kommet inn i frihandelsavtalene.» (Store norske leksikon). Det er som vi ser heller ikkje her snakk om «sikring av mer stabile rammevilkår» for dei bedriftene som ikkje produserer for utlandet, og vi ser også at bruken av uttrykket «fjerning av ikke-tollmessige handelshindre» igjen skjuler at desse «handelshindringane» ofte har ei ytterst god grunngjeving, og faktisk kan vere uttrykk for ein fornuftig nasjonal næringslivspolitikk.

Basert på minimal politisk debatt forhandlar Norge no gjennom EFTA om frihandelsavtalar med desse 15 landa: Ecuador, Filipinene, India, Indonesia, Malaysia, Argentina, Brazil, Paraguay, Uruguay, Vietnam, Algerie, Russland, Hviterussland, Kasakhstan, Thailand. I tillegg til avtalen Norge forhandlar direkte med Kina.

Det er grunn til å spørje om Stortinget blir forsvarleg orientert om det Kina-avtalen og alle desse EFTA-forhandlingane i sum vil forplikte Norge til. Eller om dei bit for bit, og «under radaren», er med på å vidareutvikle eit internasjonalt handelsregime vi som samfunn ikkje er tente med.