Illustrasjonsfoto fra norsk næringspark

NHO overforenklar om handelspolitikk

Blogg| Handelspolitikk Stikkord: ,

De følgende to fanere endrer innholdet under.
Odd Tarberg

Odd Tarberg

Odd Tarberg har interessert seg for internasjonal økonomi og handelspolitikk sidan tidleg på 1980-talet, og var aktiv mot den TTIP og TiSA-liknande MAI-avtalen (Multilateral Agreement on Investment) som vart stansa i tolvte time i 1998.
Odd Tarberg

Siste innlegg fra Odd Tarberg (se alle)

Det er tydeleg at NHO er uroleg for den veksande kritikken av handelsavtalane som også Norge er med eller på veg inn i. Kanskje fordi kritikken får fram at «ekstremliberalismen», som dei aktuelle handelsavtalane er så altfor prega av, også har stygge negative konsekvensar?

Illustrasjonsfoto fra norsk næringspark
Kanskje har dei bedriftene som «berre» jobbar i den norske innanlandsmarknaden også gitt eit visst bidrag til Norges velstand? Illustrasjonsfoto : Øyvind Holmstad
Det må vere derfor NHO sentralt har fått fleire regiondirektørar i organisasjonen til å gå ut i avisene rundt i landet med eit ganske likelydande og totalt reservasjonslaust forsvar for mest mogleg deregulert internasjonal handel. [1] [2] [3]

I Møre og Romsdal kom innlegget på trykk i Sunnmørsposten den 7. juni, signert regiondirektøren den, Torill Ytreberg, og med tittelen «Handel – Sikrer arbeidsplasser». Ein tittel som i seg sjølv ein misvisande påstand. Dette fordi den skjuler det faktum at mange arbeidsplassar slett ikkje blir sikra, men tvert i mot truga av rå konkurranse frå utlandet når NHO får gjennomslag for at internasjonal handel må få «gå så smertefritt, byråkratifritt og kostnadsfritt som mulig». Det korrekte er at NOKRE arbeidsplassar vil vinne på opnare landegrenser, men på same tid vil effekten vil vere stikk motsett for andre bedrifter. Noko som viser at det fornuftige vil vere å ha handelsavtalar som gir eit minimum av nasjonal kontroll med kor sterk konkurranse frå utlandet dei ulike bransjane blir utsette for, og ikkje, som NHO, berre ha eksportbedriftene sine interesser i tankane.

Igjen er det påfallande korleis NHO argumenterer som om norsk næringsliv ikkje består av andre nemneverdige bedrifter enn dei som driv handel med utlandet. «Norges velstand og vår regions utvikling er tuftet på handel med Europa og resten av verden», blir det påstått. Kanskje har også dei bedriftene som «berre» jobbar i den norske innanlandsmarknaden også gitt eit visst bidrag til denne velstanden? Kvifor bryr NHO seg aldri om denne delen av medlemsbedriftene sine når det er snakk om handelspolitikk?

NHO si utrøyttelege jobbing for opnare og opnare grenser ser også ut til å ha som premiss at det på mirakuløst vis alltid vil vere dei norske bedriftene som vil vere best på innovasjon og auke i produktivitetsvekst når konkurransetrykket blir stadig verre. I kampen «Norge mot røkla», er det så sikkert at dei norske bedriftene alltid vil vinne? Når vi ser at konkurransetrykket frå utlandet, ikkje minst den omstridde EØS-marknaden, tidvis er så hardt at eksempelvis norske verft har problem med å skaffe seg oppdrag som ikkje blir reine tapsprosjekt, korleis kan NHO-regiondirektørane då, utan atterhald, påstå at arbeidsplassane blir sikra gjennom slik handelskonkurranse?

«Så la oss slå ring om de gode handelsavtalene vi har» skriv regiondirektørane i NHO, og underslår med det også at desse handelsavtalane ikkje er statiske, men i ferd med å utvikle seg til det verre. Liberaliseringspresset, eksempelvis innanfor WTO, som sterke globale konsern står bak, men som er øydeleggande for mange land sine ulike utsette næringar, er i ferd med å undergrave heile WTO-systemet. I staden for å «slå ring om» WTO-regelverket, var NHO ivrig heiagjeng når Norge gjekk saman med dei sterke landa og braut ut av WTO for å forhandle TiSA-avtalen om liberalisering av handel med tenester.

Det er rett at handel over landegrensene kan auke velstanden, men berre dersom den er regulert slik at konkurransen ikkje blir meir øydeleggande enn stimulerande. Dei landa som i dag er industrielt sterke, har alltid tidlegare brukt «oppfostringstoll» og liknande for til ein viss grad å skjerme sine veksande næringar før dei var sterke nok til å tole meir open internasjonal konkurranse. Det er trist at NHO ikkje er i stand til å vedgå at dette var fornuftig politikk, og vere med på å arbeide for justering av handelsavtalane slik at land som Norge igjen kan få eit visst politisk handlingsrom til å ta vare på arbeidsplassar og kompetanse i eige land. For eksempel i den maritime klynga på Sunnmøre dersom desse bedriftene skulle få endå større problem enn det vi høyrer om i dag.