Konvensjonell kur for eit demokrati i krise

Blogg Stikkord: ,

De følgende to fanere endrer innholdet under.
Peder Østebø

Peder Østebø

Peder Østebø er frilansjournalist og masterstudent i statsvitskap og historie på Universitetet i Oslo og Freie Universität Berlin.
Peder Østebø

Siste innlegg fra Peder Østebø (se alle)

Ifølge Yascha Mounk blir demokratiet undergrave frå innsida og utsida.

Teksten ble først publisert på Agenda Magasin

Måndag 8. oktober vakna verda opp til eit nytt valresultat som for alvor såg ut til å sette grunnleggande demokratiske verdiar på spel. Jair Bolsonaro, tidlegare yrkesmilitær og høgreradikalar med klare fascistiske trekk, hadde vunne første runde av det brasilianske presidentvalet.

Søndag 28. oktober sikra han seg sjefsstolen i det mest folkerike landet i Latin-Amerika.

Brasil er ikkje på nyheitsradaren til folk flest på desse breiddegrader, men valsjokket skapte likevel overskrifter i både norske og internasjonale medium. Kanskje fordi det kom med ein bitter eim av noko kjent.

Det er snart to år sidan verda var eit vantru vitne til at Donald Trump, trass alle spådommar, kunne smykke seg med tittelen «verdas mektigaste mann». Sjølv om eigenskapane til den tidlegare realitykjendisen og superrikingen kanskje ikkje gir han moglegheit til å nyttegjere seg av den enorme makta tittelen gir han, har angrep på pressa, byråkratiet og både politiske og sosiale rettar skapt ei kjensle av eit demokrati i unntakstilstand.

Erkjenninga som kom morgonen 8. november 2016 blei katalysatoren for ein grunnleggande debatt om det liberale demokratiet, og om både systemet og dei fridomane forbundne med det er i fare. Som følge av Trump sin valsiger har debatten om trugslar mot demokratiet fått vind i segla og eit langt breiare publikum. Bøkene How Democracies Die av statsvitarane Steven Levitsky og Daniel Ziblatt og Om tyranni av historikar Timothy Snyder peiker på at den amerikanske presidenten sitt maktmisbruk og angrep på institusjonar har sine dystre historiske parallellar.

Debatten er derimot ikkje ny, og difor heller ikkje sentrert rundt hotellkongen frå Queens som no sit i Det kvite huset. Sidan 2006 har demokratiforskaren Larry Diamond og kretsen rundt tidsskriftet Journal of Democracy diskutert fenomenet som blir kalla «democratic backslide» eller «democratic deconsolidation».  Det liberale demokratiet, tidlegare «the only game in town», blir utfordra av ei populistisk bølgje, kor sterke menn og kvinner finn vegen til toppen gjennom demokratiske kanalar, for så å bruke statsapparatet til å konsolidere eiga makt, stilne kritikarar og fjerne eller svekke grunnleggande rettar.

For den tyskfødde akademiske superstjerna Yascha Mounk, som føreles på Harvard og leiar tenketanken Tony Blair Institute for Global Change, er Trump derfor éin blant mange. I boka The People vs. Democracy: Why Our Freedom Is in Danger and How to Save It teiknar han eit bilde som no er velkjend, men som for berre eit tiår sidan verka utenkeleg: I så forskjellege land som Polen, Venezuela og Tyrkia har det institusjonelle rammeverket som skulle sikre demokratisk stabilitet blitt underminert av autoritære leiarar. Samstundes blir tradisjonelle politiske landskap, både i og utanfor Europa, snudd på hovudet av populistiske rørsler.

Nyleg skreiv forfattaren på Twitter at Bolsonaro, som blant anna har truga med å drepe meiningsmotstandar og hylla chilenske diktatoren Augusto Pinochet, er siste skot på stammen i utviklinga han meiner å sjå i land etter land tidlegare rekna som demokratiske suksesshistorier. Det er, med andre ord, fare på ferde.

Kimen til krisa

I forsøket på å forstå ei uroleg samtid er Yascha Mounk, som i november kjem til Oslo i regi av Agenda, ikkje åleine om å teikne eit dystert framtidsbilde. Prosjektet hans skil seg likevel frå mange andre analysar av same art, særleg fordi han tek utgangspunkt i ein grunding disseksjon av det liberale demokratiet. Mounk sitt utgangspunkt er at me må sjå det liberale og det demokratiske aspektet av systemet me lev under som separate tendensar.

For mange er det sjølvsagt at demokratiet må vere liberalt: Det gir inga meining å snakke om eit demokratisk system som samstundes ikkje kan garantere for individuelle rettar. Eit demokrati kan ikkje overleve utan å vere støtta opp av pressefridom, uavhengige domstolar og eit uavhengig byråkrati. Men gjennom å bake denne normative slutninga inn i sjølve definisjonen på demokrati, blir det vanskeleg å skjønne kva som skjer når demokratiske (folk sin påverknad på politikken) og liberale (institusjonelt vern av individuelle rettar) tendensar trekker i forskjellige retningar.

Foto: Randy Colas / Unsplash

For mens mange ser den demokratiske krisa eine og åleine som eit resultat av populistiske og autoritære oppsving, meiner Mounk at både outsiders og insiders trugar det liberale demokratiet. Spesielt i USA, kor tiltru til politikarar har sokke jamt og trutt sidan krigen, meiner Mounk å sjå at pengar, ikkje representativitet, har vore avgjerande i den politiske utviklinga. Samstundes blir den medlemmane av politiske klassen likare og likare kvarandre, og meir og meir forskjelleg frå folk flest. Og heller enn at politiske vedtak skjer i folkevalde organ, har eit mylder av teknokratar og etatar flytta den politiske kvardagen vekk frå det demokratiske rommet. Mounk trekker fram EU som skuleeksempelet på denne maktforskyvinga, og peiker på at samstundes som dei nasjonale, folkevalde organa får stadig mindre makt, blir apparatet som skal påverke på vegne av særinteresser i Brussel stadig større.

Den demokratiske krisa er altså ei dobbel krise, og den udemokratiske liberalismen kan bidra til å forsterke dei illiberale kreftene gjennom at bandet mellom folkeviljen og politikken blir svekka. Samstundes ligg verken sosioøkonomisk, teknologisk eller kulturell utvikling til rette for demokratisk stabilitet. Globalisering og mindre økonomisk styring har svekka bandet mellom økonomisk vekst og velstandsvekst for dei mange. Innvandring kompliserer bildet av politiske fellesskap bygd på etniske og kulturelle likskapar. Internett og sosiale medium utfordrar tradisjonelle medieaktørar sitt informasjonsmonopol, til fordel for eit landskap der alle kan finne si eiga sanning.

Når alle desse faktorane møter kvarandre, er det berre innbyggarane si urokkelege tru på det liberale demokratiet som kan halde autoritære trugslar på avstand. Men ifølge Mounk står det dårleg til med vanlege folk si tru på at demokratiet er overlegent andre system.

Djevelen i tala

Har erfaringane med totalitære krefter på 1900-talet gått i gløymeboka? Yascha Mounk meiner dette kan vere ei av forklaringane på kvifor folk i Europa og USA ser ut til å vere mindre begeistra for demokratiet enn før. Saman med kollegaen Stefan Foa har gått gjennom svara frå den internasjonale spørjeundersøkinga World Values Survey. Sjølv om tala varierer mellom land, er det generelle inntrykket klart: Jo yngre respondenten er, jo mindre sannsynleg er det at han seier at det å bu i eit demokrati er essensielt.

Når Mounk framhevar i tittelen på boka at demokratiet er i fare, er det altså ikkje berre på bakgrunn av korleis det politiske landskapet har endra seg. Demokratiet er i fare fordi stadig færre trur på det. Utviklinga i land som Polen, kor ei demokratisk suksesshistorie har blitt forvandla til eit autoritært skrekkeksempel, er ifølge Mounk mogleg fordi mange veljarar ikkje meiner at å bevare demokratiet er viktig.

Talmaterialet som Mounk baserer seg på, har òg snike seg inn i det norske ordskiftet. Då Ole Erik Almlid, fungerande leiar for NHO, lanserte organisasjonen si perspektivmelding under Arendalsveka i år, viste han til Mounk si forsking då han samanlikna vår eiga samtid med mellomkrigstida.

Tal lyg ikkje, blir det sagt. Men tolkinga av dei og omstenda rundt dei kan likevel leie oss til misvisande konklusjonar. Som statsvitar Ådne Hindenes har demonstrert i ein polemikk med NHO, er funna langt meir samansette enn både NHO og Yascha Mounk vil ha det til. Òg blant internasjonalt anerkjende demokratiforskarar har påstandane deira vore kontroversielle.

Nokre stadar er unge meir kritiske til demokratiet enn eldre, og fleire stader er dei kritiske til forskjellege demokratiske institusjonar, som parlamentet eller dei politiske partia. Men det er lite som tyder på at fleire unge i dag, samanlikna med unge på 70-talet, ønsker å kvitte seg med demokratiet til fordel for noko anna. Tillit til systemet og viljen til å svaret at demokratiet er essensielt ser heller ut til å vere resultatet av gå gjennom ulike livsfasar.

Det er òg ein logisk brest i resonnementa til Yascha Mounk når har knyt populistiske rørsler til systemkritikk blant unge. Statsvitar Pippa Norris peikar på at det sjeldan er dei unge sine røyster som gjer at autoritære populistar får politisk makt. Snarare er Donald Trump sin valsiger eit eksempel på ei politisk generasjonskløft kor yngre lag av befolkninga i langt mindre grad røysta på Trump.

Det populistiske problemet

Bildet på kven som røyster fram populistane endrar seg med korleis ein definerer populismen. Som demokrati, blir omgrepet populisme mykje brukt utan å bli nærmare definert. Yascha Mounk nytter seg av den tyske teoretikaren Jan-Werner Müllers omgrep om «moralsk monopol på representasjon» som utgangspunkt for å forstå den populistiske essensen. Folket, det er meg, kort og godt. Problemet er at denne tilnærminga til populisme gir Mounk ein svært brei pensel å male med.

Det er sjølvsagt at denne forma for anti-elitisme står sentralt hos både Donald Trump, Marine Le Pen i Frankrike og Viktor Orbán i Ungarn. Problemet er at elitekritikk òg er grunnlaget for rørsler som Podemos i Spania og Syriza i Hellas. Ei utfording med dette poenget er at dei ulike rørslene ser ut til å appellere til svært forskjellege samfunnsgrupper. I tillegg skil rørslene frå Spania og Hellas sine politiske program seg radikalt frå den høgreradikale populismen. Dei har som fremste mål kjempe mot dei tendensane Mounk meiner har bidratt til å gjere høgrepopulismen så populær: den udemokratiske liberalismen, teknokratiseringa og avdemokratiseringa av det offentlege rommet.

Likevel verkar Mounk å sette så forskjellege rørsler som Sverigedemokraterna, franske Front National, den italienske Femstjernersrørsla og Podemos i same bås. Sjølv om han er klart mest kritisk til dei to første, er det uklart for lesaren om det er høgrepopulismen eller populistiske rørsler generelt som set demokratiet i fare. Er det forskjell på dei legg vekt på nasjonens vern mot innvandring og dei som legg vekt på folkets vern mot eliten sine interesser? Er det vesentleg at nokre rørsle ønsker mindre rettar, både politiske og sosiale, mens andre ønsker fleire?

Store problem, konvensjonelle svar

Utfordringa med den breie penselen viser seg òg når Mounk skal skrive ut resept, fordi medisinen må motverke både demokratisk utholing innanfrå og dei autoritære rørslene utanfrå.  Det er ikkje utelukkande negativt, fordi store og mangefasetterte problem ofte krev komplekse svar. Problemet til Mounk er heller ikkje at svara manglar, men at dei kanskje er noko konvensjonelle og uklare.
Mounk ønsker for det første å ta tilbake den konstruktive krafta i den nasjonale identiteten. Gjennom å hente fram den klassiske dikotomien mellom ekskluderande og inkluderande nasjonalisme, viser han ein veg der dei som kjempar for demokratiet kan bygge eit alternativ til ein nasjonalisme som skapar eit samfunn av første- og annanrangs borgarar.

Verdiar, heller enn etnisitet, må ligge til grunn for fellesskapet. Kampen mot diskriminering og segregering må trappast opp, samstundes som klare krav om å tilpasse seg eit felles verdigrunnlag må rettast mot alle.

For det andre må politikken dreie rundt folk sine behov. Her snakkar sosialdemokraten Yascha Mounk, som i 2015 melde seg ut av tyske SPD etter at han meinte at den tidlegare sosialdemokratiske bautaen hadde svikta verdigrunnlaget sitt, og fordi dei mangla politiske visjonar for framtida.

Kritikken hans mot SPD er i The People vs. Democracy utvida til å gjelde dei fleste partia på den europeiske og amerikanske venstresida. Mistrua mot politikarar kjem fordi dei ikkje kan sjå ein stat som jobbar for dei. Difor må det politiske prosjektet til sosialdemokratiet gjerast om. Bustadpolitikk og sysselsetting må vere på toppen av dagsordenen. Skatteregimet må sørge for at internasjonale selskap ikkje slepp unna mens vanlege folk må betale. Og velferdsstaten må tilpasse seg ei verkelegheit der tryggleik kan kombinerast med fleksibilitet.

Svara til Yascha Mounk er, med andre ord, ikkje revolusjonerande: Dei fleste på den norske venstresida vil kunne nikke både anerkjennande og gjenkjennande til mange av ideane. Å vere konvensjonell er slik sett ikkje noko negativt, men det verkar noko paradoksalt at det demokratiske elementet forsvinn i den lange rekka politiske tiltak.

Ein større og betre velferdsstat er ikkje naudsyntvis ein meir demokratisk stat, og Yascha Mounk har få konkrete tiltak for eit meir demokratisk samfunn. Slik sett står diagnosen ikkje heilt i stil med kuren som Mounk føreskriv. Skal avstanden mellom styrte og styrande bli mindre, må effektiv politikk kombinerast med målretta innsats for å auke moglegheitene til å påverka politikken. Her har Mounk lite å komme med.

Det kritiske rommet

Det er først på dei siste sidene av The People vs. Democracy at Yascha Mounk nærmar seg eit politisk nybrottsarbeid. Sjølv om frykta hans for at unge har mista trua på demokratiet verkar å vere noko overdriven, er det likevel ikkje utidig å spørje seg om kva som krevjast av samfunnet for å skape eit levande demokrati.

Mounk peiker på at i etterkrigstida låg antiautoritære og demokratiske haldningar som premiss for den offentlege samtalen. Det er likevel ikkje sjølvsagt at desse verdiane går i arv. Me må derfor jobbe fram ein borgarkultur som dyrkar fram desse verdiane uavhengige av personlege erfaringar. Forfattaren peiker her spesielt på rolla til utdanningssektoren i å skape engasjerte, demokratiske menneske, og her er det lett å kjenne att grunnleggande konfliktar i det norske skulevesenet. Sjølv om demokratiske verdiar er bakt inn i både stortingsmeldingar og læreplanar, er det sjeldan PISA-resultata om demokratiforståing som står i sentrum i skuledebatten.

Enno meir treffande er kanskje Mounk si raljering over ein universitetssektor kor tellekantsystem og studiepoengjakt tidvis underminerer ambisjonar om utdanning av kritiske, tenkande studentar. Då han sjølv kom til eliteuniversitetet Harvard, møtte Mounk eit system kor «…studentar og akademikarane hadde inngått ein stillteiande ikkje-angrepsavtale: Så lenge studentane ikkje legg beslag på for mykje av professoren si tid, gjer professorane det lett for dei fleste å komme seg gjennom utdanningsløpet utan å tenke for hardt, (s. 247)».Trass festtalar om det danna menneske vil det ikkje vere vanskeleg for mange norske studentar å kjenne seg att. Den aarebrotske idealet, kor kritiske samtalar med både studentar og i det offentlege rommet, er vanskeleg å få auge på i eit system kor publiseringspoeng er alfa og omega.

Det er kanskje her, i kryssingspunktet mellom oppfordringa til kritisk offentleg samtale, ein politikk for folk flest og ein stadig pågåande samtale om det eit fellesskap i konstant endring at ein motgift mot høgrepopulismen er å finne. Trass både lite nyanserte analyser og enkelte lite gjennomtenkte resonnement, skal Yascha Mounk ha ros for å stille vanskelege spørsmål, og for å tørre å gje svar som ikkje berre peiker tilbake til status før Trump, Orbán og Jair Bolsonaro. Slik sett er Yascha Mounk si bok forfriskande, sjølv om mange problem står uløyste.

– Omtalt bok –

Yascha Mounk
«The People vs. Democracy: Why Our Freedom Is in Danger and How to Save it» (2018)