Juleavslutning i Aust-Agder

20. desember

18:00

Hjemme hos Henni

Attac Aust-Agder inviteret til juleavslutning. Denne gongen kan ikkje møtet bli siste tysdag i månaden, sidan det ville vere 3.juledag. Så i staden har Henni Rødland invitert alle til førjulstreff heime hos seg i Grimstad. Henni har tenkt å stelle til noko kveldsmat, så for at ho skal lage nok mat utan å lage altfor mykje, så treng ho vite kor mange av oss som kjem denne kvelden. Derfor er det fint om du kan ringe Henni eller sende ho ein sms på mobil 959 22 761 og seie frå dersom du kjem!

VEGANVISINGAR:

  • Henni Rødland bur på Vestre Grøm 63 i Grimstad. Det er sikkert ein fordel med mykje samkøyring, for å redusere talet på bilar som skal parkerast «i tunet»!
  • For dei med GPS (anten i hovudet eller på mobilen/dashbordet), – la denne leie deg fram!
  • Bilistar køyrar til Cirkle K bensinstasjon vest i Grimstad langs E-18. Bilistane kan/skal helst samlast på parkeringen der kl. 18.00 slik at vi kan plukke med oss dei som kjem med buss, og så køyrer vi samla i kolonne/kortesje derfra! Dersom du har full bil allereie og/eller kjem for seint slik at du vil/må finne fram sjøl, så kan du køyre slik denne lenka visar.
  • Kollektivreisande frå Arendal: Bussavgang frå Arendal Bussterminal plattform G kl 17.30 er best å ta. Sit stille på bussen gjennom Grimstad sentrum og forbi universitetet, men gå av på kollektivterminal Øygarsdalen (der skal bussen vere kl 18.00). Dette er rett før/ved Cirkle K-stasjonen (der bilistane samlast). Derfrå reknar vi med at du kan site på med ein av bilane som er der, – eller du kan ringe Torolf Aanonsen på mobil 907 61 481(sikkert lurt å ha gjort uansett slik at han har oversikt over kven som skal site på i ein bil derfra).
  • Kollektivreisande frå andre stader: Fint om du kjem med ein buss som køyrer innom kollektivterminal Øygarsdalen og er der seinast kl 18.00 slik at du også kan site på med ein av bilane som er ved Circle K stasjonen, – og det kan vere lurt å ha ringt Torolf Aanonsen uansett på mobil 907 61 481 for å varsle slik at nokon veit at du kjem.

På julemøtet vårt så får vi besøk av Lise Rødland, tilsett som organisasjonsrådgiver på kontoret sentralt og tidligare var ho nestleiar i Attac Norge. Samlinga byrjar med at ho innleiar for oss:

  • Litt generelt om Attac Norge:
    • Kort om aktuelle sentrale organ, – tillitsvalde og tilsette, kva dei har ansvar for og jobbar med i Attac Norge, politisk og organisatorisk.
    • Kort om aktive arbeidsgrupper og lokallag i Attac Norge, og kva saker dei eventuelt arbeidar med.
  • Gjennomgang av året som har gått:
    • Kva saker har Attac Norge jobba aktivt med, – kva vi har gjort sjøl og kva vi har samarbeidd med andre om.
    • Kva vi har lykkast med å få til, men kanskje også erfaringar frå slikt som ikkje har gått like bra, – eller som vi må jobbe vidare med.

Etterpå vil det bli opna for spørsmål og synspunkt frå møtedeltakarane, om dei sakene som opptar oss.

Sted:

Hjemme hos Henni

Vestre Grøm 63, Grimstad

Tid:

onsdag 20. desember

18:00

Arrangør(er):