Medlemstreff i Attac Aust-Agder

28. mars

19:00

Kafé Lindvedske Hus

Attac Aust-Agder har månedlige treff. På denne samlinga skal vi snakke litt om følgjande saker:

  1. Info frå dei som representerte Attac Aust-Agder på landsmøtet 4.-5.mars 2017 om aktuelle saker som var oppe på landsmøtet.
  2. Litt avklaringar og begynnande planlegging av møtet om TISA-fri kommune, som vi har lufta tidlegare at vi skal ta initiativ til å halde spesielt målretta på folkevalgte og faglege tillitsvalgte i Aust-Agder Fylke og kommunane i fylket vårt. Henni og eg fekk snakka eindel med Helene Bank frå For Velferdsstaten 11.mars då ho var i Arendal og innleia om Profittfri Velferd på eit ope møte på Arendal Bibliotek. Helene Bank har deltatt/innleia på slike møte andre stader, og ho kunne gje oss gode råd både om aktuelle innleiarar, om korleis eit slikt møte bør førebuast og gjennomførast, og om kven som bør samarbeide om å arrangere eit slikt møte for at møtet skal få breit nok nedslagsfelt blant folkevalgte og faglege tillitsvalgte. Det virkar ikkje realistisk å klare å få til eit slikt møte før sommaren, så då kan det neppe bli før etter Stortingsvalget i september?
  3. Kan vi forskyve dei to siste Attac-samlingane før sommaren, slik at dei ikkje blir halde siste torsdag i april og mai, men i staden blir halde tysdag 2.mai og tysdag 6.juni? Eller er det andre datoar som vil passe betre?
  4. I tillegg vil vi sjølsagt som vanleg kunne lufte alle aktuelle saker som opptar oss i Attac.

Sted:

Kafé Lindvedske Hus

Nedre Tyholmsvei 7B, Arendal

Tid:

28. mars

19:00

Arrangør(er):