Attac-stand på Arendalsuka 2014

Medlemstreff Aust-Agder

26. september

19:00

Hong Kong Restaurant

Medlemmar og andre interesserte blir med dette invitert til det månadlege treffet i Attac Aust-Agder. Denne uformelle samlinga blir vanlegvis halde siste tysdag i månaden og denne gongen møtast vi TYSDAG 26.SEPTEMBER kl 19.00.

Vi forsøker med ny møteplass og inviterar denne gongen til samling på HONG KONG RESTAURANT, Torvet 3 i Arendal. (Tidligare Hong Kong Palace som ligg i 2.etasje med inngang på hjørnet av Torvet/Torggt.) Innerst i lokalet er det eit litt meir skjerma område som vi vil forsøke å få disponere eit langbord i denne kvelden. For dei som ønskar å nytte høvet til å få seg ein billig og god middag samstundes, så serverar dei eit utvalg middagsrettar frå buffet til ein grei pris. Nokre av oss vil nok møte opp litt tidlegare enn kl 19.00, for å prøve ut denne. Ellers har dei sjølsagt også kaffe/te mm. som andre kafear. (For meir info sjå www.lailaihongkong.no eller Facebook-sida til kafeen)

På denne samlinga må vi spesielt få prata om og avklart:

  1. Kva innspel skal vi gje til Attac Norge sentralt om
    • Oppsummering/evaluering av erfaringane med det Attac deltok med under Arendalsuka 2017
    • Synspunkt/forslag til kva som kan/bør gjerast annleis/betre dei neste åra.
  2. Idear til nye Attac-aktivitetar i Agder i løpet av hausten 2017
  3. Andre saker som nokon ønskar å ta opp

Sted:

Hong Kong Restaurant

Østregate 1, Arendal

Tid:

26. september

19:00

Arrangør(er):