Publikasjoner

Rapporter og publikasjoner fra Attac Norge

Coca Cola: Den alternative rapporten

Coca Cola: Den alternative rapporten

18. desember 2006Publikasjoner
Stikkord: ,

Dette er historia om Coca Colas menneskerettighetsstridande og miljøforringande adferd rundt om i verda. Det er historia om korleis Coca Cola går over lik for å vinne ein stadig større del av det globale brusmarkedet. Og det er historia om korleis Coca Cola i samarbeid med politi og paramilitære grupperingar slår hardt ned på folkelege protestar. Med eit årleg overskot på 15 milliardar dollar og 117 fabrikkar lokalisert rundt om på alle kontinent, er Coca Cola eit av verdas største transnasjonale selskap. Selskapet har sitt hovudkontor i Atlanta, USA, men 44 000 av selskapets 55 000 tilsette arbeider utanfor USA, og desse produserar 72 prosent av all leskedrikken til Coca Cola. På nettsidene sine kan Coca Cola reklamere med å vere den største arbeidsgivaren innan privat sektor i heile Afrika. Selskapet har kjøpt opp lokale brusprodusentar verda over, og flytt mykje av produksjonen frå nord til land i sør. Selskapet har eit stygt rulleblad når det kjem til arbeidsforhald og miljøforringingar ved fabrikkane sine. Selskapet glir lett inn i rekkja av.