Coca Cola: Den alternative rapporten

Coca Cola: Den alternative rapporten

Publikasjoner Stikkord: ,

Coca Cola: Den alternative rapporten
Klikk for å laste ned rapporten

Dette er historia om Coca Colas menneskerettighetsstridande og miljøforringande adferd rundt om i verda. Det er historia om korleis Coca Cola går over lik for å vinne ein stadig større del av det globale brusmarkedet. Og det er historia om korleis Coca Cola i samarbeid med politi og paramilitære grupperingar slår hardt ned på folkelege protestar.

Med eit årleg overskot på 15 milliardar dollar og 117 fabrikkar lokalisert rundt om på alle kontinent, er Coca Cola eit av verdas største transnasjonale selskap. Selskapet har sitt hovudkontor i Atlanta, USA, men 44 000 av selskapets 55 000 tilsette arbeider utanfor USA, og desse produserar 72 prosent av all leskedrikken til Coca Cola. På nettsidene sine kan Coca Cola reklamere med å vere den største arbeidsgivaren innan privat sektor i heile Afrika. Selskapet har kjøpt opp lokale brusprodusentar verda over, og flytt mykje av produksjonen frå nord til land i sør. Selskapet har eit stygt rulleblad når det kjem til arbeidsforhald og miljøforringingar ved fabrikkane sine. Selskapet glir lett inn i rekkja av transnasjonale selskap som utnyttar seg av at land i sør set lågare krav om arbeidsrettigheiter og miljøvern, enn land i nord. Coca Cola er eit typisk uttrykk for den utviklinga me har vore vitne til dei siste tiåra. Dei store investorane har fått auka handlekraft i jakt på kortsiktig avkastning. Denne utviklinga har skjedd på bekostning av alle andre demokratiske, økologiske, og økonomiske omsyn og interesser.

Handelsreguleringar som i si tid var essensielle utviklingsverktøy for land i nord brytast ned på alle kontinent. Denne ”frigjeringa” av markedskreftene drivast fram av dei store selskapa med hovudkontor i nord. Resultatet er at mindre selskap som produserar for eit lokalt eller nasjonalt marked blir utkonkurrert av globale gigantar, som Coca Cola. Attac vil med denne rapporten vise at Coca Cola adferd trugar universelle rettigheiter, kjempa fram av sosiale rørsler, formalisert gjennom dei Forente Nasjonar. Coca Cola svekkar demokratiet ved å nekte folk universelle rettigheiter som, retten til å organisere seg, retten til drikkevatn, retten til å ytre si meining, og retten til ei anstendig løn. Attac kjempar for ei verd der omsyn til menneskerettigheiter og miljø kjem framfor profitt og utanlandske investeringar. Derfor er protesten mot Coca Colas adferd eit skritt i rett retning.

Heidi Lundeberg, Redaktør

Denne rapporten er basert på War on Want sin rapport om Coca-Cola, engelsk og spansk versjon av rapporten kan lastes ned gratis hos War on Want sin nettside.

Coca Cola har svart på rapporten. Les svaret her

Legg igjen en kommentar