Ingrid Hjertaker

Joseph Stiglitz hos Innovasjon Norge

Blogg Stikkord: ,

De følgende to fanere endrer innholdet under.
Ingrid Hjertaker

Ingrid Hjertaker

Ingrid Hjertaker er statsviter med spesielt fokus på finans.
Ingrid Hjertaker

Siste innlegg fra Ingrid Hjertaker (se alle)

Joseph Stiglitz
Joseph Stiglitz

«Alle land har aktiv industripolitikk. Somme land er berre ikkje klar over det.» Dette hevda den amerikanske toppøkonomen Joseph A. Stiglitz på Innovasjon Noreg sin Signalkonferanse tysdag 28. mai.
Han meiner USA før krisa førte ein næringspolitikk som fremja finanssektoren framfor andre sektorar.

Konkurslovgivinga i USA gjev eigarar av kredittderivatet Credit Default Swaps føretrinn i konkursoppgjer, og dette representerer ein aktiv industripolitikk som støttar derivatnæringa spesielt og finanssektoren generelt. Valet om å skattelegge lønnsinntekter dobbelt så mykje som kapitalinntekter er også ein aktiv, amerikansk industripolitikk, meiner Columbia-professoren. Ein nøytral stat i forhold til frie marknader er ein illusjon. Staten har ei viktig rolle å spele, både når det gjeld innovasjon og når det gjeld endring av feilslåtte marknadsinstitusjonar.

På spørsmål om løysingar på den alvorlige økonomiske krisa i USA og Europa, hevda Stiglitz at vi veit kva som må gjerast, men at politikken står i vegen. Det eksisterer eit uheldig samanblanding mellom økonomisk ulikskap og politisk makt. Valsystema, særlig i USA, er rigga slik at pengar får ein uforholdsmessig stor innverknad på politikken. Den amerikanske høgsteretten dømde for nokre år sidan at storkonsern var menneske, og difor hadde ytringsfridom på lik linje med andre menneske, ein fridom føretaka utøver gjennom pengestøtte til politiske kampanjar.

Eurokrisa er også menneskapt. Politikken som no førast i valutaunion vil sørgje for ein langvaring resesjon for eurosona, og ein alvorleg og langvarig økonomisk depresjon for dei verst råka landa som Hellas og Spania.

Sjefen for den europeiske sentralbanken har uttala at den europeiske velferdsmodellen fungerer dårleg. Dette er heilt feil, meiner Stiglitz, som peikar på at landa med sterkast velferdsstat verkar å ha klara seg best i krisa. Det som fungerer dårleg er udemokratiske sentralbankar, meiner han. Og sentralbankar som er fanga av finansielle interesser er svært dårlege til å regulere.
Stiglitz meiner at den globale økonomien treng ein fundamental omstrukturering, og det same gjer alle samfunn som er prega av stor økonomisk ulikskap. Ei slik endring vil ikkje berre vere gunstig for resten av samfunnet, men er naudsynt for å få på plass ein berekraftig økonomi.
Derimot vil ikkje denne endringa kome av seg sjølv, utan omfattande politiske reformer.

Dei innebygde dynamikkane i finans- og kapitalmarknaden gjer at denne sektoren er heilt ute av stand til å endre seg på eige initiativ, seier Stiglitz, sjølv om ei slik endring også ville vore godt for sektoren på lengre sikt. Det må politiske endringar til, og ein av dei viktigaste av desse endringane er betre regulering av finanssektoren.

Sjå heile foredraget her (fra 1:49)