Hjem » Artikler » Handelspolitikk » Ny rapport åtvarar mot TISA

Ny rapport åtvarar mot TISA

Forside hele PSI2

– Avtalen om handel med tenester (TISA) institusjonaliserer makta til transnasjonale selskap, skriver Den internasjonale fagforeningen for offentlig tilsette (PSI) i en ny rapport.

På oppdrag frå Our World Is Not For Sale (OWINFS) and Public Services international (PSI), har Ellen Gould laga ein rapport, publisert i september 2014, og som ho har kalla The really good friends of transnational corporations agreement, publisert 15. september.

Public Services International er en internasjonal fagforening for offentlege tilsette, og organiserer over 20 millioner arbeidstakarar i 600 medlemsforbund i 160 land. Fagforbundet er det norske medlemsforbundet i PSI.

Fagforbundet vedtok uttalelse mot TISA. Les her!

Teksten under her er ei oversetting av forordet til denne rapporten, skrive av generalsekretær i Public Services International, Rosa Pavanelli:

Det å karakterisere demokratisk baserte lover og reguleringar gjort av valgte styresmakter for å verne om folks interesser, som handelshindringar, er ei fundamental feiloppfatting av det som er styresmakter si rolle.

Lover og reguleringar som er til for å verne arbeidarar, forbrukarar, små bedrifter og miljøet, eksisterer fordi markedet åleine ikkje evner å sørge for dette.

Den globale finanskrisa gjorde tydeleg det katastrofale resultatet av manglande adekvat regulering av finansmarknadane. Frå global oppvarming til Rana Plaza-katastrofa (ei bygning full av tekstilarbeidarar nær Dhaka kolapsa), ser vi utallige eksempel på at verda står overfor nasjonale og globale utfordringar som illustrerer dei tragiske konsekvensane av manglande evne til å lage og handheve anstendige reglar som er til beste for alle i våre samfunn.

Evna til å regulere er også vesentleg for å sørge for rettferdig konkurranse for næringslivet, og gi land, byar og regionar høve til å utvikle seg vidare økonomisk og kulturelt.

Frihandelsavtalen for tenester, TISA, som det no foregår hemmelege forhandlingar om, er del av den alarmerande nye bølga av investeringsavtalar basert på juridisk bindande regelverk som gir makt til transnasjonale investorar, og hindrar styresmaktene på ei lang rekke områder som er knytta til handel.

Denne rapporten er ei oppfylgjing av “TISA versus Public Services”-dokumentet, som understrekar den skaden TISA vil påføre offentlege tenester. Tenester som er til for å gi vitale sosial og økonomisk støtte – slikt som universelle helsetenester og utdanning til ein overkomeleg pris basert på behov, på ein måte markedet ikkje kan levere.

Sjokkerande nok vil TISA hindre regjeringane i å omgjere ei privatisering av ei teneste til på ny å vere offentleg, sjølv om privatiseringa skulle vise seg å fungere dårleg. Utruleg nok, midt i etterdønningane etter den globale finanskrisa, er målet til TISA å deregulere finansmardedane ytterlegare.

Det er eit uttrykkeleg forsøk på å favorisere profitt til dei rikaste konsern og land i verda på bekostning av dei som har det verst, gjennom etableringa av eit globalt fåmannsvelde som får diktere handelsreglane verda over…

Vi veit at storkonserninteressene er tungt inne i TISA-forhandlingane.

Med så mykje på spel for folk og for planeten vår, er hemmeleghaldet rundt TISA-forhandlingane ein skandale. Kven i eit demokratisk land vil akseptere at regjeringa hemmeleg godtek lover som så fundamentalt flytter makt og velstand, svinebinder regjeringane og avgrensar nasjonane si evne til ta vare på sine borgarar?

TISA-forhandlingane må opnast for offentleg innsyn og ein demokratisk vedtaksprosess. TISA må ikkje avgrense noko regjering si evne til å regulere i folks interesse. Det bør ikkje vere handel med offentlege tenester.

Les også PSI-rapporten «TISA versus Public Services» her!
Omsett av Odd Tarberg

Stikkord: