Kronikk i Klassekampen 27. juli av Odd Tarberg
Det vil kanskje vere i overkant å påstå at riksrevisor Per Kristian Foss må vere motstandar av TiSA-avtalen, men kritikken hans av styresmaktene si manglande evne til å hindre sosial dumping gir faktisk grunn til å tenke i dei baner.
I samband med ein nyleg framlagt rapport frå Riksrevisjonen, uttaler Foss mellom anna dette: “Med utvidelsen av EU og Schengen-samarbeidet har antall utenlandske aktører i det norske markedet økt, noe som har ført til stadig grovere arbeidslivskriminalitet. – Sosial dumping er én av hovedutfordringene i arbeidslivet. Vi risikerer å få en dårligere standard for arbeidsmiljø der kriminelle aktører også kan utkonkurrere lovlig drevne virksomheter”.
Når riksrevisoren er uroa over effekten av utvidinga av EU og Schengen-samarbeidet, er det svært så nærliggande å spørje kvifor det politiske miljøet i Norge ikkje er meir kritiske til at Norge no er på veg inn i TiSA-avtalen. Ein avtale som definitivt vil forsterke nettopp dette trykket frå ”utanlandske aktører i det norske markedet”. Dersom Foss og andre søker på nettet og finn det som står der om Transparency Annexe i TiSA, så vil dei sjå at utanlandske bedrifter gjennom den avtalen får styrka sin ”forhandlingsposisjon” overfor norske styresmakter på ein hittil uhøyrt måte. Heile hovedformålet med TiSA er heilt tydeleg å sikre utanlandske bedrifter sine økonomiske interesser.
Den politiske prosessen rundt TiSA-forhandlingane, som no har pågått i tre år, kvalifiserer godt til å bli kalla skandaløs. Denne dereguleringsavtalen som dekker alt av tenester, og eit geografisk og økonomisk område som er tre gongar så stort som EØS (50 land!), blir bagatelliserande framstilt av styresmaktene som einsidig positiv for Norge. Realiteten er at den negative utviklinga som Riksrevisjonen no finn grunn til å påpeike, vil berre vere ein forsmak på dei problema det norske arbeidslivet vil stå overfor dersom TiSA blir ein realitet.