Hjem » Artikler » Blogg » TiSA-avtalen og problemet Jonas Gahr Støre

TiSA-avtalen og problemet Jonas Gahr Støre

Jonas Gahr Støre

Det at Støre nektar å vere med på ein open debatt om alle sider ved denne avtalen, også dei negative, er hovedgrunnen til at regjeringa og Børge Brende har fått lov til å avfeie alle initiativ til TiSA-debatt som Sp og SV har prøvd å få til i Stortinget.
Foto: CC-BY-SA av Arbeiderpartiet.

Då Jonas Gahr Støre tidlegare i haust var på eit verftsbesøk på Sunnmøre, kom direktøren med ei oppfordring om å opprette eit statleg krisefond som kunne brukast til å hjelpe ei næring over kortvarige, men alvorlege kriser. Støre kunne då ikkje svare anna enn at ei slik favorisering av nasjonale bedrifter vil vere i strid med alt inngåtte avtalar (EØS). Denne hjelpeløysa sentrale politikarar, og ikkje minst Støre sjølv, har sett seg i gjennom alt inngåtte handelsavtalar, vil i alvorleg grad bli forsterka gjennom TiSA-avtalen, som er dikterte av, og til fordel for, internasjonal storkapital. Det at Støre nektar å vere med på ein open debatt om alle sider ved denne avtalen, også dei negative, er hovedgrunnen til at regjeringa og Børge Brende har fått lov til å avfeie alle initiativ til TiSA-debatt som Sp og SV har prøvd å få til i Stortinget.

Norge har i over tre år forhandla om TiSA-avtalen, ein udemokratisk og arbeiderfiendtleg avtale for alle slags tenester, uten at verken Storting eller den offentlege opinionen har fått skikkeleg informasjon om konsekvensane av ein slik avtale. Den informasjonen som har kome frå regjeringshald, har vore bagatelliserande, ubalansert, og grensande til rein feilinformasjon.

TiSA-forhandlingane kom i gang i 2013, utanfor WTO-systemet og på initiativ frå USA og EU, etter at eit tilsvarande liberalistisk regelverk vart stansa i WTO av ei rekke u-land som såg at slik liberalisering ikkje var i deira interesse. Når regjeringa melde til Stortinget i 2013 at Norge hadde gått inn i forhandlingar om TiSA saman med 50 andre land, vart det likevel misvisande påstått å vere i «i tråd med norsk WTO-politikk». Denne feilinformeringa frå Utenriksdepartementet si side, må vere motivert av håpet om at ingen i Stortinget skulle ane uråd.

Hemmeleghaldet rundt forhandlingane er ekstremt overfor det politiske miljøet i alle landa som er med. På same tid er det dokumentert at lobbykreftene frå storkonserna i tenestesektoren, som European Services Forum og Coalition of Services Industries, rett og slett blir inviterte til å kome med sine forslag og behov overfor forhandlerane, særleg frå EU-kommisjonen og USA. Nasjonalforsamlingspolitikarar, arbeidstakarorganisasjonar, og miljøverninteresser blir derimot haldne på mange armlengders avstand. Dette gir ei ekstrem ubalansert påvirkning av forhandlingsprosessen i favør av investorinteressene.

Det er ikkje overraskande at den blå-blå regjeringa og ei entusiastisk NHO-leiing går inn for denne avtalen. Eit NHO som forresten suverent overser det fleirtalet av medlemsbedriftene sine som TiSA vil true. Desse kreftene har langt på veg lukkast i å legge lokk på alle tilløp til debatt om dei urovekkande lekkasjane frå forhandlingane som særleg Wikileaks har skaffa fram dei siste par åra.

Når det likevel er grunn til å framheve Jonas Gahr Støre som eit problem for oss som vil ha denne avtalen skikkeleg debattert i det politiske og offentlege rom, så er det fordi Arbeiderpartiet og særleg partileiar Støre, er like redde som regjeringa for å gå inn i ein diskusjon om dei opplagte negative konsekvensane av TiSA. Når Jonas Gahr Støre blir utfordra på Ap si vage, til dels positive haldning til TiSA-avtalen, slik han vart det på Postkoms landsmøte tidlegare i haust, då får han seg til å svare  at partiet «har en utarbeidet politikk på dette», og at «frykten for avtalene er ubegrunnet».  Med andre ord: Dette vil han ikkje at andre lenger ut i partiorganisasjonen (eller fagrørsla for den del) skal blande seg bort i! Med tanke på at det er dei siste par åra det har kome særleg mykje urovekkande informasjon frå forhandlingane, som viser at det ligg ein skremande liberalistisk og udemokratisk ideologi bak denne avtalen, då er det å klamre seg til ein fastlåst «utarbeidd politikk» på dette området heilt frå starten av, berre heilt uforståeleg.

Jonas Gahr Støre kunne, i staden for å blokkere debatten om TiSA, brukt dette til å utfordre regjeringa, og gjort TiSA-motstand til ei svært god valkampsak. Etter kvart som lekkasjane kom om sjokkerande udemokratiske element i avtalen, skulle det vere rikeleg med ammunisjon å ta av. Det «uheldige» i at Støre sat i posisjon når Norge sa ja til å gå med i TiSA-forhandlingane (etter råd frå kven?), kan han lett forklare med at det meste av dei negative sidene ved denne avtalen, er ting som har kome fram nettopp dei siste to åra, noko som forresten har ført til at regjeringspartnerane SV og Sp har snudd, og no går skarpt ut mot TiSA-avtalen.

I sin tale til Landsstyret i Ap den 5. april 2016, snakka Støre om eit vegvalg:  «Et politisk veivalg mellom en retning drevet av FrPs og Høyres kjølige markedsliberalisme – og en annen retning bygget på tillit, solidaritet og rettferdig fordeling, ledet an av Arbeiderpartiet.» Det nifse er at TiSA-avtalen vil vere ei sementering av nettopp dette markedsliberalistiske vegvalget Støre her snakkar om. Avtalen skal innehald ei rekke klausular og innretningar som vil gi ei irreversibel utvikling i ei slik retning. Stikkord her er standstillog skralleklausulane, og eit nytt «snedig» forhandlingsopplegg, negative listing, som betyr at alt skal konkurranseutsettast internasjonalt dersom nasjonane ikkje uttrykkeleg reserverer seg på konkrete områder.

I ein kronikk i oktober skriv Støre dette: «Få land har så store fordeler av internasjonal handel som Norge. Men det krever at den nasjonale politikken har handlekraft til å sikre trygghet for jobb og trygghet i jobb«. Igjen er det uforståeleg at Støre går inn for TiSA-avtalen, når han bør vite at ideologien bak TiSA går ut på å vingeklippe den nasjonale poltiske handlekrafta så langt som råd. Avtalen styrkar rettane til utanlandske selskap på ein uhøyrt måte. Det er berre å sjekke korleis utanlandske selskap skal ha krav på å sjå politiske styresmakter i korta i deira arbeid med eventuelle lov- og regelendringar som kan påvirke desse selskapa sin forventa gevinst. (ref Transparency Annexe som er å finne på nettet mellom lekkasjane frå Wikileaks).

Dei to regjeringspartia sin politikk på dette området, som ukritiske tilhengarar av den utviklinga TiSA legg opp til, er ikkje overraskande. Det som både er overraskande og uforståeleg, er derimot at Arbeiderpartiet ikkje stiller opp som motkraft mot den farlege styrkinga av finans- og konserngigantane sine interesser som denne TiSA-avtalen så tydeleg vil vere. Gjennom å nekte å vere med på ein debatt om også dei negative sidene av avtalen, er Støre med på å overlate all påvirkning av norske posisjonar under forhandlingane, til dei som tydelegvis er indoktrinerte av nettopp av «FrPs og Høyres kjølige markedsliberalisme», støtta av eit NHO som er ivrig heiagjeng til dette, utan tanke på fleirtalet av sine medlemsbedrifter som denne TiSA-avtale faktisk vil vere ein trussel for.

 

De følgende to fanere endrer innholdet under.
Odd Tarberg

Odd Tarberg

Odd Tarberg har interessert seg for internasjonal økonomi og handelspolitikk sidan tidleg på 1980-talet, og var aktiv mot den TTIP og TiSA-liknande MAI-avtalen (Multilateral Agreement on Investment) som vart stansa i tolvte time i 1998.