Gjeld var eit tema eg beit meg merke i på ESU. Det vart snakka mykje om det, mellom anna den greske gjeldskrisa, gjelddriven vekst og forskjellige typar gjeld.

Til å forklare situasjonen i Hellas hadde Attac invitert Zoe Konstantopoulou, tidlegare president i det greske parlamentet og grunnleggjar av partibevegelsen «Plesfi Eleftherias» (Course of Freedom). Ho fortalde om korleis Hellas si enorme statsgjeld kjem av eit samarbeid mellom bankar og korrupte politiske figurar, ikkje av levestilen og det ineffektive skatteinnhentingssystemet til grekarane. Det var ho som i 2015 annonserte oppretting av ein komité for gransking av legitimiteten til den greske statsgjelda. Komitéen vart kalla «Røyndomskomiteen for gresk statsgjeld» og Eric Toussaint, ein belgisk statsvitar og historikar, var leiar for arbeidet med lage ein rapport. Toussaint var også til stades i Attac sitt seminar om den greske gjeldskrisa, og snakka om kva komitéen hadde funne. Ei oppsummering av rapporten kan du finne her.

Frå ESU2017. Zoe Konstantopoulou og Eric Toussaint er i midten av panelet. Foto: Magnus F. Gjerde

Konklusjonen til rapporten er at «Greece should not pay this debt because it is illegal, illegitimate, and odious.» Hovudargumenta til komitéen er at gjelda ikkje vart tatt opp i den greske befolkninga sine beste interesser. Ho vart tatt opp i strid med gresk grunnlov, med traktatar Hellas har forplikta seg til, og med lover som regulerer verksemda til kreditorane. Og krava som kreditorane har fremja og held fram med å fremje, bryt med grunnleggjande menneskerettar. Kanskje det mest slåande funnet komitéen gjorde, var at IMF visste godt i forkant av låna at dei ville ha negative verknader for den greske befolkninga.

I starten av juli 2015 vart det halde ei folkeavstemming om Hellas skulle akseptere vilkåra («austerity measures») som EU-kommisjonen, Den europeiske sentralbanken og IMF sette for finansiell støtte. På tross av at 61 % svarte nei, inngjekk den greske regjeringa den 14. august ein avtale (MoU – memorandum of understanding) med ESM (European Stability Mechanism) der Hellas blir pålagt krava dei stemte i mot. Konstantopoulou understreka fleire gonger at dette var eit forræderi mot den greske befolkninga som viste at EU ikkje er ein demokratisk union av statar, men ein sentralisert maktinstitusjon som forsvarar bankar og særinteresser framfor fleirtalet.

Situasjonen er framleis ikkje løyst, og massemobiliseringa som sørga for eit «nei» i folke-avstemminga, har mista mykje av si kraft. Mange er skuffa og desillusjonerte etter at SYRIZA gav etter for austerity-krava. SYRIZA er det leiande partiet i Hellas og kom til makta i 2015 med ein anti-«austerity» retorikk.

Knytt til dette kan det vere interessant å lese Toussaint si nylege analyse av Yanis Varoufakis si siste bok Adults in the Room: My Battle with Europe’s Deep Establishment.

Se flere bilder fra sommeruniversitetet her.

Magnus Furre Gjerde