Det er ikkje berre arbeidstakarinteressene som blir den tapande part i den økonomiske krigen mellom bedrifter over landegrensene som det «den nye generasjonen handelsavtalar» legg opp til. Handelsavtalane er også ein trussel mot miljøet.
I Frankrike er det no uro, langt inn i regjeringskontora, over at CETA, frihandelsavtalen mellom Canada og EU, kan få negative konsekvensar for klimapolitikken. Deler av den franske regjeringa frykter at CETA kan gjere det vanskeleg for Frankrike ( og andre) å oppfylle sine forpliktingar når det gjeld klimatiltak.
Ei rekke franske nettsider, deriblant nettavisen Le Parisien, siterer den franske ministeren for Grønt skifte (Transition écologique), Nicolas Hulot, på at han ser seg nøydd til å prøve å få innført ein slags «klima-vetorett» overfor CETA-avtalen. Han gjer dette for å «sikre Frankrike at dei tiltaka som blir sett i verk for å realisere landet sine eigne klimaforpliktingar, ikkje på nokon måte, og særleg innanfor rammene til tvistedomstolane, skal kunne angripast av utanlandske investorar».
Det seier svært mykje om desse handelsavtalane at den franske ministeren no ser seg nøydd til å prøve å hindre at landet skal bli handlingslamma på klimaområdet av denne CETA-avtalen.
Nok ein gong ser vi altså at avtalar av typen CETA, TTIP og TiSA (som den norske regjeringa vil ha oss inn i), heilt konsekvent og snevert er konstruerte for å sikre internasjonale storselskap sine økonomiske interesser, utan tanke på andre omsyn som miljø og samfunnsinteresser elles.
Norge kan lite gjere med CETA-avtalen. Men vi er altså inne i forhandlingar om TiSA, ein avtale som er like snevert fokusert på det som gagnar internasjonale storkonsern, og som i like stor grad vil redusere det politiske handlingsromet som trengs for å føre ein forsvarleg og konstruktiv næringspolitikk for trygge arbeidsplassar, og eit berekraftig miljø.
Med dei siste «pedagogiske» skandaleoppslaga i media rundt privatisert bosstøming, og privat drift av andre tradisjonelt kommunale tenester i friskt minne, blir det uforståeleg og trist dersom ikkje Stortinget henter inspirasjon frå Frankrike og tar de potensielle konsekvensane på alvor. Dei burde manna seg opp og straks få oss ut av forhandlingane om TiSA-avtalen, og på den måten i det minste slå ring om det politiske handlingsromet vi tross alt enno rår over.