Då Norge i 2013 kom med i forhandlingane utanfor Verdens Handelsorganisasjon (WTO) om frihandelsavtalen for tenester TiSA, fekk vi høyre at dette var fordi forhandlingane på dette området «stod i stampe» i WTO.


Det som den gongen vart underslått av tilhengarane av TiSA, var at dei landa som sette ned foten og nekta å vere med på den handelsliberaliseringa av tenestesektorane som dei sterke landa ville presse gjennom i WTO, dei hadde sine gode grunnar til å seie nei.

Det viser seg at desse landa, hadde nok av skrekkeksempel å ta lærdom av.

Trusselen mot arbeidsplassane

På ei nettside frå ILO, Den internasjonale arbeiderorganisasjonen, kom eg nyleg over nokre interessante opplysingar frå ein ILO-FES workshop i 2013, der temaet nettopp var handelsavtalar.

[plsc_pullquote align=»left»]Frihandel mellom nasjonar med svært ulike utviklingsnivå, har tendens til å øydelegge også dei mest effektive industriane i dei minst effektive landa.[/plsc_pullquote]
Her kan vi mellom anna lese om effekten handelsliberalisering har hatt på ei lang rekke land, for eksempel Mongolia: «Eit halvt århundre med industribygging i Mongolia, vart praktisk talt rasert over ein periode på berre 4 år, frå 1991 til 1995. I dei fleste industrisektorane gjekk produksjonsvolumet ned med meir enn 90% etter at landet «opna seg» for resten av verda, so å seie over natta, i 1991». Det er berre ei lita overdriving å seie at denne brutale internasjonale konkurranseutsettinga var å sende Mongolia sin økonomi «i fri flyt tilbake til steinalderen».

I tidsskriftet Intereconomics kan vi lese om Peru at « I 1990 hadde ein prosess med finansiell liberalisering starta i Peru med mål om å oppnå økonomisk stabilitet og berekraftig utvikling».  I ILO-linken over her kan vi lese at resultatet vart heller ynkeleg: «den ineffektive industrisektoren i Peru var trass alt i stand til å skape eit lønsnivå om lag dobbelt så høgt som det dagens globaliserte økonomi er i stand til å levere i Peru».  Som det står i ILO-gjennomgangen: “Frihandel mellom nasjonar med svært ulike utviklingsnivå, har tendens til å øydelegge også dei mest effektive industriane i dei minst effektive landa» (Vanek-Reinert-effekten).

I ein rapport frå 2017, også om Peru og ført i pennen av mellom andre Gonzalo Salinas frå IMF, blir det understreka at det i Peru, trass i stor indre migrasjon (arbeidslause som prøver å finne nytt arbeid andre stader i landet), likevel er eit stort behov for politiske tiltak for å støtte «taparane av handelsliberaliseringa».

Trass i at «merittlista» med eksempel på  den «frie flyten» sine negative konsekvensar er skremande lang, så har vi økonomar her til lands (Civita) som framleis påstår at «fri flyt» er ei velsigning også for arbeidsfolk, og vi har utenriksministrar og andre toppolitikarar som skamroser frihandelsavtalar som TiSA, og gjer sitt beste for å feie negative konsekvensar av slike avtalar under teppet.

Realiteten er at konkurranseutsetting KAN vere eit effektivt stimulerande virkemiddel DERSOM graden av konkurranse er tilpassa det næringane kan tole. Dersom doseringa av dette «stimulerande virkemiddelet» blir for kraftig, vil den bli drepande for mange bedrifter. For å kunne kontrollere at denne «doseringa» blir forsvarleg, treng vi eit stort nok politisk handlingsrom. Avtalar som TiSA vil ytterlegare øydelegge dette handlingsromet, og TiSA vil altså vere negativ for arbeidstakarar også her.

Bogd Khan Uul-fjellet sett fra Ulan_Bator, Mongolia
Frå 1991 til 1995 var eit halvt århundre med industribygging i Mongolia rasert av frihandel.
Foto (fri bruk): Bogomolov.PL/Wikimedia
Odd Tarberg