Representantar for fagforeiningar i Rolls-Royce Marine var nyleg i Oslo for å treffe Møre-benken på Stortinget. Grunnen var uro for at denne sentrale bedriftsdivisjonen kan bli seld til utlandet, med øydeleggande  konsekvensar for den sokalla maritime klyngen sin kompetanse og mange arbeidsplassar.

Kva kan så stortingsrepresentantane gjere i denne situasjonen? Det er tydeleg at det er sjokkerande lite.  Krysse fingrane for den maritime næringa og håpe det beste, ser ut til å vere det heile. Gjennom dei bindande handelsavtalane som Norge alt har inngått, har utanlandske «aktørar», særleg frå EØS-området, sikra seg mot at nasjonale styresmakter kan favorisere lokale bedrifter framfor utanlandske. Fruktene av nokre få millionar ekstra i forskningsmidlar risikerer også fort å hamne i utlandet ved neste bedriftsoppkjøp og ditto flytting til utlandet…

Fagforeiningsfolk og leiarar i lokale bedrifter må ikkje vente til «bordet har fanga» på denne måten, før dei reiser til Oslo for å snakke med rikspolitikarane. Dette må gjerast når handelsavtalar er under forhandling, slik at utfallet av slike forhandlingar ikkje blir katastrofale for store deler av næringslivet. Og nye frihandelsavtalar er altså under forhandling! Det ville vere interessant å vite kor mange det er som har teke turen til Oslo for å få vite meir om konsekvensane av den avtalen som Norge no forhandlar med Kina, eller av dei mange avtalane som EFTA no forhandlar om på vegne av Norge. Og det er her snakk om heile 15 land! Land som det slett ikkje er grunn til å spøke med som hendelskonkurrentar. Det gjeld Ecuador, Filipinene, India, Indonesia, Malaysia, Argentina, Brazil, Paraguay, Uruguay, Vietnam. Forhandlingane om slike avtalar med Algerie, Russland, Hviterussland, Kasakhstan og Thailand er stoppa inn til vidare. Det same gjeld den svære 50-lands TiSA-avtalen som vi må rekne med dukkar opp igjen i ei eller anna form.

Handelsavtalar påvirkar rammevilkåra for næringslivet på godt og vondt. Gir avtalane opnare grenser,  slik handelsliberalistane går inn for, vil det tene dei som i ein gitt periode er sterke og konkurransedyktige. Andre bedrifter kan derimot bli knekte av ein for hard konkurranse (som kanskje heller ikkje ein gong er fair), og viktig kompetanse kan forsvinne ut av landet. Hittil har eg berre sett uromeldingar om desse forhandlingane frå representantar for norsk landbruk. Dei har gitt uttrykk for at for eksempel import av landbruksvarer frå Brasil og Argentina lett vil kunne knuse norsk landbruksnæring dersom EFTA-forhandlarane favoriserer eksportnæringane og gløymer resten. Det vil vere naivt å tru at desse landa ikkje også kan representere ein trussel for heilt andre deler av norsk næringsliv enn landbruket.

Det å reise til Oslo og stire ned i ei politisk verktøykasse som ulike handelsavtalar har tømt, hjelper i alle fall lite.

Innlegget har tidlgiere stått på trykk som leserinnlegg i Sunnmørsposten 15.mars.

Illustrasjonsfoto (CC BY-SA): Kleven verft utenfor Ålesund av Sundgot. Hentet fra Wikimedia Commons

Odd Tarberg