Kreftene som jobbar for handelsavtalar med sterkast mogleg investorvern, ligg ikkje på latsida.

Eit av dei mest aggressive elementa i den «nye generasjonen handelsavtalar», som TiSA, TTIP og CETA er eksempel på, er den kontroversielle ISDS-tvisteløysingsordninga. Der skal investorar kunne  saksøke statar direkte dersom statane innfører lover og reglar (for eks av samfunnsmessige omsyn) som investorane meiner dei tapar inntekter på. Dette vil gi internasjonale konsern ein voldsom forhandlingstyrke, og virke lammande på nasjonale styresmakter sitt arbeid med å sikre for eksempel miljømessige og samfunnsmessige forhold.

Foto: Annette Dubois

Akkurat i desse dagar (siste veka i april), er fleire land samla i New York for å diskutere ei «modernisering» av denne typen tvisteløysingordning. Det dårlege ryktet som ISDS har fått, gjer at dei no vil endre namn på dette til MIC, Multilateral Investment Court, og gjere ein slik domstol meir permanent. Kristina Wittkopp , juridisk analytikar for organisasjonen Transport & Environment i Brussel, meiner at det er lite som skil MIC frå ISDS, og at EU bør stanse slike samtalar om ein MIC-domstol så lenge EU-rettsapparatet enno arbeider med å vurdere om ISDS-ordninga i CETA, EU sin avtale med Canada, er kompatibel med EU sine lover.  Wittkopp stiller mellom anna spørsmålet om ein investor gjennom ISDS eller MIC virkeleg skal ha rett til å saksøke eit land som eksempelvis set i verk tiltak for å kutte i CO2-utslepp slik Paris-avtalen krev.  (Sjå http://borderlex.eu/comment-multilateral-investment-court/ )

Også den svenske nettsida ttippen.se, som arbeider nært på desse spørsmåla, er urolege for utviklinga når det gjeld tvisteløysingsordningar i handelsavtalane, og skriv mellom anna dette den 25. april:

-Det är tydligt att nästa politiska strid på handels- och investeringsområdet kommer stå just kring MIC, som alltså är ISDS med fönsterputs. Under de kommande veckorna kommer vi i detalj att gå igenom den kritik som riktats mot att investerare ges den här typen av omfattande rättigheter och varför EU-kommissionen gjort bäst i att skrota hela systemet.

Når Norge no, gjennom EFTA, er inne i forhandlingar med eit ti-tals land om nye frihandelsavtalar, og TiSA-forhandlingane truleg snart kjem i gong igjen, vil spørsmål om tvisteløysingsordning i desse avtalane vere eit av dei områda som Stortinget bør skaffe seg skikkeleg informasjon om.

Odd Tarberg