Hellas slit framleis økonomisk i etterkant av den økonomiske krisa som tok til i 2007. Det internasjonale pengefondet (IMF) har over lengre tid argumentert for at Hellas si gjeld er særs lite berekraftig («highly unsustainable») og oppfordrar til omfattande gjeldslette, frå alle offentlege kreditorar bortsett frå dei sjølve. Sjefen i den Europeiske Stabiliseringsmekanismen (ESM) publiserte i februar 2017 eit svar til IMF der han gav uttrykk for at Hellas ville oppnå eit berekraftig gjeldsnivå om landet berre heldt fram med dei ESM-støtta reformprogramma sine. Vidare understreka han at eurolanda hadde forplikta seg til gjeldslette når Hellas hadde gjennomført desse reformprogramma, om dette viste seg å vere naudsynt. Fleire EU-institusjonar har sidan innsett behovet for ytterlegare tiltak og Hellas er i dag i samtalar med EU om økonomiske krisepakkar og om reforhandling gjeldsbyrda si.
Eit spørsmål er kva krav EU vil stille som vilkår for at Hellas skal få nye krisepakker. IMF har vedgått at dei, i samband med kriselåna som vart gitt kring 2011, ikkje såg dei skadelege konsekvensane innstrammingstiltaka ville få i Hellas. EU-landa har ikkje gått like langt i å innrømme eigne tilsvarande feil. Ein kan difor ikkje sjå vekk ifrå at innstrammingstiltak vil halde fram med å vere vilkår for framtidige krisepakkar frå EU-institusjonane.
Eit anna spørsmål er korleis gjeldslette, eller ei reforhandling av gjeldsbyrdene, skal utformast. Er det berre statlege kreditorar som skal bære tap/ bidra til gjeldsletta, eller skal også private kreditorar bidra? Skal i så tilfelle alle typar private kreditorar bidra, eller bør nokon skånast (nasjonal finanssektor, pensjonsfond, småspararar)? Kor stor juridisk fridom har Hellas eigentleg når dei no skal utforme nye krisetiltak og reforhandle gjeldsbyrdene sine?
I 2012 vedtok Hellas en lov med tilbakeverkande kraft som tvang minoritetskreditorane som eigde greske statsobligasjonar, og som elles ikkje var villig til å gje gjeldslette, til å akseptere Hellas sitt tilbod om å reforhandle gjeldsbyrda (restruktureringstilbodet). Restruktureringa var eit tiltak frå staten si side for å stabilisere og redde landet sin økonomi frå djup økonomiske krise, og innebar omfattande kutt i obligasjonane sin opphavelege verdi. Minoritetskreditorane gjekk til søksmål mot den greske staten og saka, Mamatas med fleire v. Hellas (‘Mamatas’) , enda til slutt opp i den Europeiske Menneskerettighetsdomstolen (EMD). EMD konkluderte med at Hellas si retroaktive lovgiving ikkje braut med obligasjonseigarane sin rett til vern av eigedom eller forbod mot diskriminering under den Europeiske Menneskerettskonvensjonen (EMK). Dommen stadfestar EMD sin praksis der statar, særleg i krisetider, er gitt ein vid skjønnsmargin til å regulere eigen sosialpolitikk, inkludert tiltak for å ivareta makroøkonomisk stabilitet.
Årsaka til at Hellas klarte å restrukturere gjelda og unngå insolvens i 2012 var at staten sine lån var regulerte av gresk rett. Det greske parlamentet kunne dermed endre greske lover slik at restruktureringa vart mogleg. Prisen Hellas måtte betale for å få igjennom restruktureringa var at framtidige lånekontraktar skulle regulerast av engelsk rett. Slik sikra kreditorane at dei ikkje også i framtida ville bli tvungne til å ta store tap i restrukturering ved hjelp av lovendring vedteken av det greske parlamentet.
Dette gjer at Hellas har mindre juridisk handlingsrom til å handtere framtidige gjeldskriser. Ein faktor som kan bøte på at handlingsrommet er stramma inn er at dei greske statslåna som er underlagt engelsk rett inneheld såkalla samhandlingsklausular, eller collective action clauses (CACs). Slike klausular gjer at eit kvalifisert fleirtal kan binde ein dissenterande minoriteten til ein restruktureringsavtale.
Implementering av CACs i statsobligasjonar kan redusere behovet for tvungne kriseløysingstiltak og bidra til at restrukturering av statsgjeld blir meir forutsigbart for dei involverte partane. Utforminga av fleirtalskravet i ulike CACs er likevel avgjerande for kor effektivt dei bidrar til å løyse gjeldskriser. Då Hellas i 2012 restrukturerte gjelda si klarte dei ikkje å oppnå det fleirtalskravet som gjeld for CACs i engelsk rett. Minoritetskreditorar hadde kjøpt opp nok statsgjeld til å klare å blokkere at restruktureringa var gjennomførd. Kor vanskeleg det er å binde kreditorar som ikkje vil bidra i ein restrukturering som fleirtalet støttar er avhengig av utforminga av den spesifike CAC-klausulen. Det er til dømes vanskelegare å få igjennom ein restrukturering om ein brukar EU sin standardklausul enn om ein brukar den klausulen som er tilrådd av mellom anna IMF. IMF har undersøkt kor vanleg det er å implementere CACs i statlege låneavtalar og konkluderer med at det framleis vil ta tid før desse kontraktsklausulane er implementert i alle statsobligasjonar, og dermed får full verknad.
Det eksisterande systemet for restrukturering av statsgjeld er basert på ei rekkje ad hoc-ordningar og har vist seg å vere lite effektivt. I aukande grad er det akseptert at statlige restruktureringer har omfatta for lite gjeld og har blitt gjennomførd på eit for seint tidspunkt. Resultatet er at gjeldstynga statar ikkje har klart å reetablere berekraftige gjeldsbyrder eller klart å få ordinær tilgang til lånemarknaden. I seinare år har både formelle og uformelle mellomstatlige organ og sentrale marknadsaktørar konkludert med at implementeringa av CACs i statsobligasjonar bør vere det viktigaste tiltaket for å løyse statlege gjeldskriser og utfordrande restruktureringar. Særleg EU, USA, Canada og Japan gjer at det er vanskeleg å få igjennom internasjonale og meir heilskaplege reformer for handtering av statar sine gjeldskriser. Det gjenstår likevel å sjå kor godt CACs klarar å betre denne situasjonen.
Denne teksta har nemnd nokre juridiske rammer for restrukturering av statsgjeld. Kor stort politisk handlingsrom Hellas har i sine forhandlingar med EU er eit anna spørsmål som er avgjerande for kva krisepakke og gjeldslette Hellas får. Svaret på dette får vi truleg i løpet av sommaren.