Dette var tittelen på eit avisinnlegg eg fekk på trykk i  Sunnmørsposten i 2012. Bråket rundt Knut Arild Hareide sitt forslag om at KrF bør samarbeide med venstresida i norsk politikk, har reaktualisert temaet ekstra no seks år seinare. Særleg forundrar det meg sterkt at det enno i dag finns nordmenn som ser ut til å tru at vi som forsvarar sosialisme-inspirert utjamningspolitikk har heltebilder av Stalin eller liknande på soveromsveggen.

Stalin avbildet på en husvegg. Foto: (CC BY-SA 2.0) : Ignat Gorazd

Innlegget mitt frå 2012 var eit slags hjartesukk over at slike forelda idear om sosialisme enno er merkeleg utbreidde, og innlegget såg ut som fylgjer:

 Heilt sidan eg vart gamal nok til å lære litt om sosialisme, om kva slags horrible samfunnsforhold den var tenkt å vere eit botemiddel på, så har det forundra meg over kor uglesett sosialismebegrepet har vore her på Sunnmøre, der eg kjem ifrå .

Alle i min generasjon og på mine trakter, fekk på folkeskulen grundig opplæring i Jesus si lære. Når eg så etter kvart kom vidare på andre skular og der også fekk kjennskap til prinsippa i sosialismen, då vart det for meg opplagt at slik vi fekk framstilt  Jesusskikkelsen, så ville han opplagt ha støtta eit sosialistisk prosjekt dersom han hadde levd i vår tid.

Eg har vore i “eit par kranglar” om dette tidlegare, og det har kome fram at folk ofte blir “hengande” i  dels diametralt motsette idéar om kva sosialisme står for. Foreldregenerasjonen min kopla nok eksempelvis sosialisme sterkt til Stalin sin politikk i Sovjetsamveldet. Ikkje til å undrast over at dei då fekk sosialismeordet i vrangstrupen. Slik eg har lært å forstå sosialisme, står den ideologien derimot for eit opplegg som prøver å sikre ei anstendig fordeling av “godene”, på bekostning av rikfolk sin fridom til å utbytte fattigfolk. Ei haldning eg hadde trudd ville vere naturleg mellom “gode sunnmøringar”.

Ein grunn til at sunnmøringane likevel ikkje har sett på sosialisme som “ei aktuell problemstilling”, kan vere den samfunns- og næringslivshistoria vi har hatt i dette distriktet. Ein ting er at vi stort sett var sparde for væreigar-veldet som Nord-Norge lenge var dominert av. Sunnmøringen i gamle dagar var ofte fiskarbonde med ei basisinntekt frå jordbruk, og dermed ikkje heilt i lomma på ein væreigar, slik mange fiskarar var lenger nord, der dei nok kjende på eit større behov for vern mot utbytting.

På landsida skjedde industrialiseringa i vårt distrikt i stor grad i form av små bedrifter. Dei var som regel eigde av driftige gründerar, som naboane kunne sjå ofte arbeidde  meir enn dei tilsette for å endane til å møtest, og som elles levde som “vanlege folk“. Alt pratet om kapitalistar som utbytta arbeidsfolk, hadde då forståeleg nok skrøpeleg grobotn.

I den tida sosialismen kom på banen, kan det altså tyde på at klasseskilja på Sunnmøre var mindre provoserande enn dei kunne vere andre stader i landet.

Det kan sjå ut som om Ivar Aasen hadde merka seg dette då han skreiv teksten til “Mellom bakkar og berg”. I to – lenge bortgøymde – vers, framstår han i alle fall på det næraste som sosialist i si varme hyllest til god utjamning mellom folk. Dei to versa er slik:

 

Sud om havet han stundom laut skrida,

Der var rikdom på benkjer og bord,

men ikring såg han trældomen kvida,

og så vende han atter mot nord.

Lat no andre om storleiken kivast,

lat deim bragla med rikdom og høgd.

Mellom kaksar eg lite kan trivast,

mellom jamningar helst er eg nøgd.

 

Når Ivar Aasen kom heimatt til Sunnmøre, då kjende han seg “mellom jamningar”. Og folk som kjenner seg mellom likemenn, dei bur i samfunn som har teke vare på verdiar som sosialismen har som oppgåve å forsvare, nemleg ei anstendig fordeling. Det ser i alle fall ikkje ut til at høgresida i politikken kan stolast på når det gjeld å forsvare ei slik fordeling.

Det er litt urovekkande at vår generelle, private velstand no til dags, gjer at folk flest ser ut til å oppleve politikk som kjedeleg og irrelevant for deira eigen situasjon.  Det gjorde sikkert folk på Island også inntil nyleg, før økonomien i det landet kollapsa. Ein del sosialisme-inspirerte tiltak har rett nok “redda stumpane” på eit vis der, men vi burde prøve å lære av andre si ulukke: For eksempel at ein frislepp av finanssektoren inneber ein voldsom risiko. Det at finanssektoren i mange land no  får “høgrepolitiske redningspakkar” og lov til å “ture fram” i same sporet som før, er ikkje mindre enn ufatteleg. Slik politikk har i alle fall ingen ting med sosialisme å gjere, og at den får halde fram, viser kor farleg lite sjølvkritikk liberalismetilhengarane har evne til.

Dei som meiner at dette innlegget er “heilt på trynet”, burde ta seg tid til å lese ei bok som er å få på norsk under tittelen Ulikhetens pris. Den er av to amerikanerar, Richard Wilkinson og Kate Pickett, og inneheld slåande dokumentasjon på korleis gode samfunn er å finne der inntektsforskjellane er små, og tilsvarande korleis “masse elendigheit” er å finne i samfunn der kakse-sjiktet tener enormt mykje meir enn vanlege folk. Eg har eit inntrykk av at folk på høgresida i denne debatten, den rundt fordeling kontra “næringslivs-frislepp”, ikkje vågar å lese slike bøker. Derfor skulle eg gjerne sett eit innlegg frå ein som er frikonkurranse-tilhengar, som likevel har lest denne boka, og som evt kan forklare kva som er gale i den framstillinga forfattarane gjer i denne boka.

Odd Tarberg