EU leiinga plagast med Italia for tida. Den tilsynelatande svært så finansnærings-dikterte EU-leiinga hadde berre så vidt fått pressa i kne den venstreorienterte greske regjeringa, før det no har dukka opp ei like brysam italiensk regjering. Denne regjeringa er kalla populistisk, den er høgreekstrem i innstrammingspolitikken, og, mest relevant i denne samanheng, tydeleg negativ til EU si innstrammingslinje når det gjeld økonomisk politikk.

Foto: Jerry Kiesewetter / Unsplash

Italia, som er den tredje største økonomien i EU, tillet seg å kome med signal om at dei kan kome til å nekte å godkjenne CETA, den liberalistiske frihandelsavtalen mellom EU og Canada, som no er provisorisk iverksett med visse unnatak. Provisorisk fordi alle dei nasjonale parlamenta rimeleg raskt må godkjenne avtalen før den kan bli permanent, ein prosess som no i oktober 2018 er om lag halvvegs. Eitt nasjonalt nei er nok til at avtalen må droppast eller reforhandlast.

Det italienarane i første omgang nekter å vere med på, er eit svekka vern for visse landbruksprodukt med sokalla «kontrollert opprinnelsesbetegnelse». Ei ordning som gir bønder i visse områder eineretten på å bruke visse produktnamn. Zeta-osten skaper pussig nok bråk om CETA-avtalen, for å seie det slik.

Om italienarane vil sette ting på spissen og nekte å ratifisere CETA med dette og liknande grunngjevingar, er det vanskeleg å spå om. Det kan vere at denne «trusselen» blir framsett fordi Italia er i klammeri med EU også på andre områder, og at landet kan bruke dette som pressmiddel. Den «ulydige» italienske regjeringa vil nemleg heller ikkje slavisk fylgje dei strikse spelereglane i EU når det gjeld kor stramt budsjettet skal vere. Dei vil i staden vere rausare når det gjeld pensjonar og minsteløner enn det EU-leiinga meiner dei er forplikta til. I staden for eit budsjettunderskot på 1,8%, har italienarane lagt opp til eit meir vekstfremjande 2019-budsjett med eit underskot på 2,4 . Men den 23. oktober kom meldinga om at EU-kommisjonen avviser budsjettet og gir Italia tre vekers frist til å legge fram eit nytt. Dette er det første gongen EU-kommisjonen har gjort – oppsiktsvekkande nok!

Når det no ser ut til at EU-kommisjonen vil audmjuke Italia på same måten som dei har gjort, og gjer, med Hellas, kan det då vere at Italia vil svare med å forsterke motstanden sin mot CETA-avtalen?

Men det er også andre CETA-forviklingar som irriterer den liberaliseringsivrige EU-leiinga. Ikkje minst dette at avtalekritikarane har pressa fram at EU-domstolen skal ta stilling til om tvisteløysingsordninga i CETA er i samsvar med EU-retten Denne investor-stat tvisteløysingsordninga, ISDS, med private tribunal utanfor dei ordinære nasjonale rettssystema, er svært omstridd, og den svenske EU-parlamentarikaren Max Andersson, frå Miljöpartiet, skriv på nettsida si, handelsgranskaren.se, at det ikkje er heilt utenkeleg at EU-domstolen faktisk vil stanse denne ISDS-ordninga i CETA. Det var annonsert at det skulle kome ein uttale om dette frå EU-domstolen den 23. oktober, men denne er overraskande nok utsett, av ein eller annan grunn som kan vere interessant. Max Andersson skriv at «Skulle domstolen hävda att investeringsskyddet strider mot EU-rätten betyder det inte bara att CETA-avtalet skulle behöva skrotas eller omförhandlas, utan också att EU-kommissionen sannolikt får ge upp sitt försök att förhandla fram en ny, permanent investeringsdomstol (MIC)».

Konsekvensen også for andre handelsavtalar som EU er i gang med, dersom dette skulle skje, er svært interessant. Det skremande er nemleg at EU har på gang ei lang rekke forhandlingar om større og mindre handelsavtalar som vi må rekne med er forma etter den same ideologien som dei større avtalane TTIP og TiSA som begge no ventar på ei avklaring frå den forvirrande Trump-administrasjonen i USA.
Det denne kloden treng, er i alle fall heilt andre internasjonale avtalar enn det som er malen for dei sosialt brutale investorvern-avtalane som EU-kommisjonen og andre går inn for, og som gjer internasjonalt samarbeid om finansregulering, arbeidstakarrettar og liknande svært vanskeleg. For ikkje å snakke om at dette er med på å blokkere det internasjonale samarbeidet som krevst for å ta vare på miljøet på denne planeten. Det var ikkje tilfeldig at den franske miljøvernministeren Nicolas Hulot brukte CETA-avtalen sin negative effekt på miljøet som ein viktig grunn for at han gjekk ut av regjeringa i august i år.

Odd Tarberg