Dei store parasittane i internasjonal økonomi

Blogg| Digital økonomi| Leserinnlegg| Skatterettferdighet Stikkord: , ,

De følgende to fanere endrer innholdet under.
Odd Tarberg

Odd Tarberg

Odd Tarberg har interessert seg for internasjonal økonomi og handelspolitikk sidan tidleg på 1980-talet, og var aktiv mot den TTIP og TiSA-liknande MAI-avtalen (Multilateral Agreement on Investment) som vart stansa i tolvte time i 1998.

I januar i år avslørte ei nederlandsk avis ein «strategi for skatteoptimalisering» som gjorde at Google kunne plassere bortimot 20 milliardar euro i skatteparadiset Bermuda.

På nettsida til franske France Culture, kommenterer dei dette slik: «Denne avsløringa er berre den siste i ein serie med finansskandalar, om skatteoptimalisering og skatteunnaluring, som gjer at desse 20 milliardar euroane som Google har lurt unna, nesten ser smått ut. Den lange lista av finansskandalar, Panama Papers, Paradise Papers, Malta Files, LuxLeaks, SwissLeaks, kan lett gi ei kjensle av maktesløyse og resignasjon».

Foto: Arthur Osipyan / Unsplash

På ei anna nettside kunne vi rett nok for litt sidan lese at Frankrike og Tyskland no skulle prøve å innføre ein skatt på dei store internasjonale data-gigantane, ein skatt dei kallar Gafa. Dette høyrest lovande ut, men så kan vi lese at Tyskland eigentleg er svært så motvillige til dette opplegget, som i første rekke vil råke dei amerikanske kjempene Google og Facebook, fordi dette risikerer å føre til amerikanske represalier mot den tyske eksporten til USA. Så Tyskland har derfor fått redusert områda som denne skatten skal gjelde for, til berre å skattlegge nettreklame.  I tillegg skal Tyskland også ha fått utsett datoen for innføringa av denne skatten til 1. januar 2021.

Dette viser tydeleg det nådelause nakketaket dei store, eigentleg nasjonslause parasittkonserna har på dei fleste regjeringane på denne kloden. Når vi så på toppen av dette, er «velsigna» med fleire regjeringar som av ideologiske grunnar ivrig hjelper desse konserna så godt dei kan, då er det grunn til å bli skremt.

Når organisasjonar som Attac er svært skeptiske til dei mange frihandelsavtalane som ikkje minst Norge er ivrig i gong med å forhandle, så er det nettopp fordi desse avtalane ytterlegare vil forsterke dette øydeleggande nakketaket som dei store konserngigantane har politiske styresmakter og på internasjonal økonomi.

Ikkje minst vil desse avtalane virke som ein stygg hemsko når effektive klimatiltak skal innførast som desse konserna vil tape pengar på.

Teksten ble først publisert på Verdidebatt