Tenk deg ein situasjon der heimekommunen din skal ha utført eit større byggeprosjekt. Tidlegare var det slik at kommuneadministrasjonen kunne vurdere det som viktig og fornuftig å gi oppdraget til ei bedrift i distriktet som spelte ei viktig rolle i lokalsamfunnet gjennom mange arbeidsplassar og som ein vesentleg skatteytar til kommunen. For større oppdrag er dette no ikkje lenger lovleg. Grunnen er frihandelsavtalar av typen EØS og liknande.

Foto: Jacek Dylag / Unsplash

For oppdrag over ein viss kostnad har kommunane no ikkje lov til å ta med i den økonomiske vurderinga at lokale bedrifter er viktige skatteytarar til kommunen, der ein del av byggekostnadane vil kome attende som skatteinntekter frå bedrift og tilsette dersom den lokale bedrifta får eit kommunalt oppdrag. Dette konkurransefortrinnet til lokalt næringsliv får altså ikkje lenger lov til å gjelde. Dei mange historiene om utanlandske konsern som får oppdrag i Norge og som er dyktige til å sluse fortenesta si til skatteparadis, og på den måten lurer seg unna ansvaret for å bygge trygge lokalsamfunn rundt om der dei hentar gevinsten sin, blir det derimot ikkje sett ein stoppar for. Til det har dei sneversynte frihandelstilhengarane for stor makt.

Tradisjonelt var det ei sjølvsagt kommunal oppgåve å legge til rette for lokalt næringsliv og gjennom sine kommunale innkjøp også å vere ein viktig del av heimemarknaden for slike bedrifter. No er denne fornufta i ferd med å bli knust av regelverk i dei sokalla frihandelsavtalane som blir utforma av krefter som fram for alt vil at dei store «grenselause» konserna skal få fritt leide inn på dei nasjonale marknadane – uhindra av lokale og nasjonale politikarar som har eit velferdssamfunn med trygge arbeidsplassar som agenda. Ordoliberalisme blir denne ideologien gjerne kalla, der poenget er at eit ufråvikeleg regelverk som passar storkonserna, skal stå over folkeviljen.

Realiteten bak det fine ordet frihandel er faktisk ein nådelaus økonomisk krig mellom bedrifter for å overleve. Særleg når ordoliberalistiske reglar gjer at dei ulike landa ikkje fritt kan velje i kor stor grad dei vil sleppe handelskonkurransen laus på sitt lokale næringsliv. Ein viss grad av konkurranse er stimulerande, for sterk dose av denne konkurransen er drepande. Tidlegare var det akseptert at dei ulike landa kunne regulere denne konkurransen når dei fann det fornuftig. Dette er altså eit fornuftig prinsipp som ordoliberalistane jobbar for å fjerne.

Eg har nyleg snakka med folk i kommuneadministrasjonen med kjennskap til anbodsreglementet, og dei stadfester det eg skriv om at skatteinntekter frå aktuelle lokale bedrifter meiningslaust nok ikkje får vere med i dei økonomiske vurderingane av anbod ved større oppdrag. «Det er heldigvis ikkje vi i kommunen som har laga desse reglane», var kommentaren eg fekk på kjøpet.

Nei, det er så visst heilt andre krefter enn dei som jobbar for folk sine interesser ute i kommunane som skriv dei ordoliberalistiske reglane i frihandelsavtalane. Avtalar som meir og mindre tyranniserer kommuneadministrasjonane rundt om i landet gjennom stivbeinte og fordyrande krav om anbodsutlysing, og som dermed reduserer handlingsrommet til det offentlege når det gjeld å støtte opp om lokalt og nasjonalt næringsliv.

Denne teksten stod først på trykk i Sunnmørsposten.

Odd Tarberg