Politikarar som signerte Parisavtalen i 2015 har det framleis svært så travelt med å inngå frihandelsavtalar som vil undergrave arbeidet med å få temperaturstiginga på kloden under kontroll.

EU vart nyleg samde med MERCOSUR-landa i Sør-Amerika om ein gigantisk avtale som vil stimulere til kraftig auke i frakt av varer mellom dei to kontinenta. Også Norge arbeider aktivt i desse dagar med å ferdigforhandle ein tilsvarande avtale med mellom andre desse fjerntliggande landa.

Foto: Chuttersnap / Unsplash

No tidleg i juli har 72 franske organisasjonar sendt eit skriv til sine folkevalde politikarar der dei ber om at den framforhandla CETA-avtalen mellom EU og Canada ikkje blir endeleg ratifisert, noko som etter planen skal skje i første halvdelen av juli. CETA-avtalen, ein slags modell for MERCOSUR-avtalen og andre bilaterale avtalar, er sterkt kritisert for totalt å ignorere klimautfordringane. Avtalen vil mellom anna oppmuntre til vidare utvinning av den svært klimaskadelege skifersandoljen, og Canada gler seg alt over ein 63% auke i eksporten av fossilt drivstoff til EU i dei 12 første månadane som CETA provisorisk har fått virke.

I Norge har vi altså også ei regjering som arbeider for «blind» vekst i norsk eksport – og import – utan den ringaste tanke på klimakonsekvensane dette vil få. Det er på høg tid at vi får handelsavtalar som ikkje vidarefører den «klimablinde» frihandelen som EFTA og tilhengarane av TiSA, TTIP og dess like går inn for. Det er ei grov skandale at handelsavtalane som blir framforhandla no i 2019 ikkje set omsynet til klimaet over omsynet til profitten til dei store konserna. Konserninteresser som hittil har fått diktere korleis det internasjonale handelsregimet ser ut.

Når regjeringa kan fortelje at «Norge i dag er mest opptatt av å få i havn avtaler med Kina, India, Mercosur (Brasil, Argentina, Paraguay og Uruguay), Vietnam og Malaysia», då er det ikkje akkurat «kortreist» handel med lavare CO2-utslepp frå mellom anna transportsektoren det blir lagt opp til.

Odd Tarberg