Ratifiseringa av CETA-avtalen mellom Canada og EU må stansast og avtalen må reforhandlast.

Dette er tittelen på eit opprop frå ei stor gruppe franske økonomar som 13. juli, er publisert på nettsida til storavisa Le Monde. Ratifiseringa av CETA-avtalen står på den politiske dagsordenen i Frankrike den komande veka, og økonomane meiner at avtalen er skriven etter forelda prinsipp, slik også dei andre nyare frihandelsavtalane er det. CETA er ikkje «klimakompatibel» som det blir kalla, og slike avtalar forverrar dei problema kloden står overfor i dag.  Økonomane skriv: «Dei store utfordringane som står framfor oss, frå reduksjon av skeivfordelinga av velstand til presserande klimatiltak, via kampen mot skatteflukt (til skatteparadisa) og tap av biologisk mangfald, krev ikkje dette at vi reviderer dei reglane, normene og prinsippa som vart utvikla i førre hundreåret og som framleis styrer verdsøkonomien?»

ILLUSTRATION – Model figures standing in front of the word CETA on a computer screen in Schwerin, Germany, 24 October 2016 (staged photo). The European Union plans on deciding on the signing of the trade agreement with Canada on 24 October 2016. Utilisation éditoriale uniquement, nous contacter pour toute autre utilisation

Og Norge oppi dette? Parallelt med at EU er i ferd med å inngå frihandelsavtalar med MERCOSUR-landa i Sør-Amerika, med Vietnam, og at CETA-avtalen truleg blir endeleg ratifisert av EU-landa i nær framtid, så får vi høyre frå den norske regjeringa at «Norge i dag er mest opptatt av å få i havn avtaler med Kina, India, Mercosur (Brasil, Argentina, Paraguay og Uruguay), Vietnam og Malaysia».

Og klimaet oppi det heile? Gløym det. President Macron sin første miljøvernminister, Nicolas Hulot, gjekk av etter eit års tid då han innsåg at han sat i ei regjering som ikkje tok klimautfordringane alvorleg. Når går miljøvernminister Elvestuen av? Berre effekten av dei handelsavtalane som Norge i dag forhandlar om, latterleggjer fullstendig dei klimatiltaka som Elvestuen hittil har snakka om. Også norske handelsavtalar må vere «klimakompatible».

Odd Tarberg