I midten av august kom Fafo-rapporten som LO hadde bestilt om konsekvensane av TiSA-avtalen. Rapporten er sjokkerande liberalisme-frelst.
Den eine av rapportforfattarane, Åsmund Arup Seip, ga alt i februar inntrykk av å vere tydeleg pro TiSA, gjennom si begeistring for ein TiSA-entusiastisk WTO-direktør i Geneve, og sin skepsis til den TiSA-kritiske direktøren for PSI, Public Service International, ein paraplyorganisasjon for fagforeningar i offentlig sektor. Det at denne rapporten framstår som konsekvent bagatelliserande når det gjeld den kritikken som har kome mot TiSA, og at den også gjentek TiSA-tilhengarane sine argument snevert basert på det eksportnæringane kanskje kan ha å tene på avtalen, er derfor ikkje heilt overraskande.
Frihandelsavtalen for tenester, TiSA, som Norge har forhandla om utanfor WTO sidan 2013, har som hovedformål å styrke utanlandske selskap sitt handlingsrom inn på dei ulike nasjonale marknadane. I rapporten står det korrekt nok at «Parter i TiSA kan selv bestemme hva slags regulering som skal gjelde, så fremt denne reguleringen likebehandler nasjonale og utenlandske virksomheter innenfor de områdene partene har avtalt». Trass i at avtalen altså uttrykkeleg vil hindre nasjonale styresmakter i å prioritere nasjonale bedrifter i ein oppbyggingsfase, eller i å hjelpe slike over kortare konjunkturkriser, så presterer altså artikkelforfatterane å påstå i sin konklusjon at «TiSA ikke legger store begrensninger på norske myndigheters handlingsrom, og at forpliktelsene ikke går ut over de forpliktelsene Norge allerede har i dag».
Forfatterane framstår som ukritiske forsvararar av «mest mulig fri verdenshandel» når dei skriv at «det ikke tvil om at Norge er blant landene i verden som har mye å tjene på en mest mulig fri verdenshandel». Dei nemner ikkje at det i eit slikt regime sjølvsagt vil vere BÅDE vinnarar OG taparar også i Norge. At det store fleirtalet av arbeidsplassane i Norge ikkje er å finne i eksportnæringane, men at mange derimot vil få problem med den forsterka konkurransen frå utlandet som TiSA vil føre til, ser rapportforfatterane heller ikkje ut til å ha i tankane.
Rapporten nemner at det bak TiSA ligg «sterke næringspolitiske interesser. I USA har organisasjonen for serviceindustrien vært aktiv, og i 2014 dannet en gruppe store selskaper en koalisjon for å støtte arbeidet med å få til TiSA. Gruppen kalte seg «Team TiSA», og besto av industriselskapet IBM, budselskapet UPS, butikkjeden Walmart og bank- og forsikringsselskapene Citigroup, Liberty Mutual og MetLife».
Dette ser ikkje ut til å uroe rapportskrivarane, truleg fordi den liberaliseringa som denne svært kapitalsterke lobbyen jobbar for, ser ut til å vere i tråd med forfatterane si eiga grunnhaldning. I motsett fall kunne dei godt ha framheva betre dei hundrevis av fagorganisasjonar som har protestert mot avtalen. Eit ferskt eksempel frå i år kjem frå den Internasjonale Transportarbeiderføderasjonen, ITF, som ser på TiSA som ein stygg trussel: ITF general secretary Steve Cotton stated: “Despite the wall of secrecy constructed around the TiSA talks, it’s well known that the deal represents a threat to hard-won workers’ rights and conditions”.
Denne rapporten er det altså LO som har bestilt. Det er viktig at fagorganisasjonen straks ser at dette er ein høgrevridd og ukritisk pro TiSA rapport som minner om det Civita-tenketanken har prestert på det same temaet.
Det vil vere rart, og trist, om LO legg den minste vekt på den TiSA-positive konklusjonen i denne rapporten.