Medlemmar i Attac Aust-Agder og andre interesserte blir med dette invitert til det månadlege treffet i Attac Aust-Agder. Den månadlege samlinga vår blir vanlegvis halde siste tysdag i månaden, og no møtast vi TYSDAG 31.OKTOBER kl 19.00.
Etter gode erfaringar sist møtast vi igjen på HONG KONG RESTAURANT, Torvet 3 i Arendal. (Tidligare Hong Kong Palace som ligg i 2.etasje med inngang på hjørnet av Torvet/Torggt.) Innerst i lokalet er det eit litt skjerma område der vi vil forsøke å få disponere eit langbord denne kvelden.
Dersom du ønskar å få deg middag, så serverar dei eit breitt og godt utvalg rettar frå buffet til grei pris.
Nokre av oss vil sannsynlegvis møte litt tidlegare for å spise før møtet, f.eks. frå kl 18.00/18.30. Ellers har dei sjølsagt også kaffe/te mm. som andre kafear. (For meir info sjå www.lailaihongkong.no eller Facebook-sida til kafeen)
På denne samlinga må vi i alle fall få prata om:
- Attac sentralt har styremøte 11.november og har før 6.november bedt alle lokallag sende inn følgande:
- «Hva driver dere med og hvilke planer har dere framover.»
- «Innspill, tilbakemeldinger, ris og ros som vi kan ta med til styret.»
- Skal vi i tillegg til møtet siste tysdag i november ha eit «juleavslutningsmøte» 20.desember? Lise Rødland (tidligare nestleiar Attac Norge, no tilsett på det sentrale kontoret) kan delta og informere om siste nytt i aktuelle Attac-saker.
- Nye Attac-aktivitetar i Agder som vi vil forsøke å få til i løpet av hausten 2017 eller våren 2018?
- Andre saker som nokon ønskar å ta opp og diskutere.
Dersom du ikkje kan delta 31.oktober, men har innspel/forslag, så vil desse bli formidla til dei andre dersom du har sendt dei på e-post seinast fredag 27.oktober.Send innspela til Attac Aust-Agder på e-post.