Løsninger for skatteparadis

Møte om skatteparadis

30. januar

18:30

Fagforeningenes Hus

Styremedlem i Attac Norge, Mads Opheim, vil innleie om Skatteparadis, og vil kome inn på følgjande:
• Kva og kor er skatteparadis?
• Av kven og korleis blir skatteparadis brukt til å unndra skatt internasjonalt, nasjonalt og lokalt?
• Kva tiltak vil kunne hindre bruk av skatteparadis til å unndra skatt?
• Korleis og i samarbeid med kven må Attac jobbe internasjonalt, nasjonalt og lokalt mot skatteparadis?
• Kva betyr «Skatteparadisfri kommune/fylkeskommune» og korleis har ein lykkast få slike vedtak andre stader?

Etter innleiinga opnar vi for spørsmål og synspunkt, og sjølsagt også for å diskutere korleis ein kan/må jobbe mot skatteparadis lokalt i Agder.

Møtet blir halde i eit av møteromma i 2.etasje på Fagforeningenes Hus, Nedre Tyholmsvei 16 i Arendal.
Vi håpar å kunne servere kaffe/te/mineralvatn, kanskje med litt kake/kjeks ved sidan av. For å ha moglegheit til å kunne lage passe mykje så er det fint om dere som kjem på møtet seier frå på førehand, helst seinast mandag 29.januar. Dette kan du gjere ved å sende mail til attacaustagder@gmail.com.

Attac-medlemmane i Vest-Agder og fagleg tillitsvalde frå lokale fagforeninger er også invitert. Møtet er ope for alle interesserte!

Sted:

Fagforeningenes Hus

Nedre Tyholmsvei 16, Arendal

Tid:

tirsdag 30. januar

18:30

Arrangør(er):