I september 2015 vedtok FN den såkalla «2030 Agenda for Sustainable Development», berekraftsmåla, ein agenda som skal endre verda (det sokalla transformative shift). Den inneheld 17 mål, 169 delmål, og (etter kvart stadig fleire) kvantitative indikatorar for dei fleste av desse. Måla (SDGs) skaper forventningar om ein økonomi som bygger ned ulikskap, fokuserer på arbeid for alle, skaper global omfordeling, bruk av fornybar energi, og alt dette innan globalt styre av handel, investeringar, mobilitet, som tar sosialt ansvar og sikrar at «no-one is left behind». Sjølv om måla er prega av dei kompromiss ein må inngå når alle statar skal bli samde, har 2030-agendanen skapt mye engasjement, ikkje minst innan akademia.
Både før, under og etter vedtaket blei det lagt vekt på at 2030-agendane bygde på eit nært samspel mellom kunnskap og politikk. I ettertid er det framheva at vi ikkje kan nå måla utan ei sterkare stemme frå akademia. Kunnskap er (igjen) nøkkelen til omstilling, den akademiske profesjon må (igjen) forsvare si fortolking av kva som er relevant kunnskap for omstilling. I samanlikning med pengemakt og statsmakt, er kunnskap den svakaste aktøren, mellom anna fordi den ofte er i strid med seg sjølv. Dei globale utfordringane krev at kunnskapsinstitusjonane og akademikarane (igjen) må søke etter større innverknad på samfunnsutviklinga?
Agendaen hevder at vi treng eit «transformativt skifte». Nokre ser dette skiftet som meir omfattande enn overgangen frå føydalisme til kapitalisme. For andre, t.d. det noverande regime i Noreg, er det eit spørsmål om justeringar av vår etablerte utviklingsmodell, den ny-liberale. For alle (med noen unntak vi kan sjå bort frå) er det likevel klart at kapitalismen med industrialismens karbon-økonomi snart må ta slutt.
Debatten om dei 17 måla og kapitalismens omstillingar opnar opp for politiske kontroversar som igjen etterspør ny kunnskap. Faglege kontroversar om korleis ein skal tolke dei 17 måla, dei 169 delmåla, og alle forsøka på å operasjonalisere desse, utfordrar dei fleste fag. For å realisere måla er det t.d. semje om at vi må vekk frå silotenkinga både i politikken og innan universiteta (fag-spesialiseringa). Vi har ca. 6000 fag (spesialitetar) innan universiteta. Kanskje er det nettopp difor vi ikkje forstår korleis vi skal bygge ein alternativ utviklingsmodell til den som rår i dag og som har skapt dei fleste av dei problema vi står overfor.
På noen område er kunnskapssemja stor, t.d. om CO2 utslepp og energibruk, forsuring av hav, bruk av vatn og kunstgjødsel i landbruket. Det er likevel langt igjen til kva slik semje tyder for revisjon av vår noverande utviklingsstrategi; konsentrert om eitt mål; BNP og økonomisk vekst.
Først vekst, så alt det andre etterpå har vore argumentet i etterkrigstida, og i ein kort «sosial-demokratisk» periode såg det ut til at denne modellen virka; produktivitetsgevinsten vart delt og velferdsstaten styrka. Taparen var miljøet. I dag har vi vekst, men stadig mindre av «det andre» (velferd og omfordeling) og veksande miljøproblem (særleg auke i CO2 utslepp) til tross for naturvitskapens advarslar, og lønnsarbeidarar får ikkje lenger del i veksten dei er med å skape.
Denne kjerneideen i den enno rådande utviklingsmodellen, blir i 2030-agendane snudd; ingen økonomiske og politiske avgjerd som forsterkar ulikskap eller har miljøkonsekvensar og fører til naturøydeleggingar har lenger legitimitet. Det som i Brundtland-kommisjonen (1987) står «ved sidan av kvarandre» som uavhengige mål – det sosiale, miljøet og økonomi – må ein no sjå i samanheng og som integrert på alle plan. Etter 40 års debatt er no miljø- og utviklingspolitikk integrert, ikkje separate båsar som i «Brundtland-kommisjonen». Den vestlege utviklingsmodellen er heller ikkje lenger norm. Ein utviklingsmodell som gir retning for 2030 agenda-måla er relevant for alle land. Den nye utviklingsmodellen må såleis og tenke det globale på nytt, i lys av universelle (felles) ideal.
Det første famlande steget mot ein ny utviklingsmodell er altså tatt i og med semja om 2030-agendaen. Det blir vist til behovet for eit «formativt skifte», men kva dette skiftet faktisk betyr for ein ny politisk økonomi er lite diskutert, anna enn som ein appell til lesing av måla som eit integrert heile. Like mykje som vekstparadigmet i si tid mobiliserte det fremste av kunnskap, må no kunnskapane mobiliserast for den øko-sosiale utviklingsmodellen og den globale solidaritets-økonomien denne må bygge på.
2030-agendaen er berre starten på denne prosessen mot det nye. Ein heilskapleg utviklingsmodell representerer dei 17 måla ikkje (og noen tema, som våpen/forsvarsindustrien manglar). Ei rekke mål kan vanskeleg realiserast samstundes om vi ikkje ser dei i lys av kvarandre innan ein større utviklingssamanheng. Vi står overfor normative konfliktar, verdival og konkurrerande forventningar. Men tilsynelatande ikkje uløyselege kontroversar om det blir skapt oppslutning om den sosiale profilen til måla; kamp mot fattigdom, likestilling, meiningsfylt arbeid til alle og nedbygging av ulikskap. Med andre ord, potensiale for å fortolke agendane som eit heile i retning av ein ny utviklingsmodell?
Universitet over heile verda hentar inspirasjon til vidare kunnskapsutvikling frå utfordringane til 2030-agendaen, som Universitetet i Bergen sitt strategiske initiativ SDG Bergen er eitt uttrykk for. Alt no blir det – paradoksalt nok – innan den ny-liberale styringslogikken, prøvd lage konkurransar mellom universiteta om grad av SDG-relevans. Denne «hypen» har lite refleksjon over samspelet mellom måla, dvs. korleis dei samla utfordrar etablerte utvikling. Det mest presserande spørsmålet t.d; kva styring av økonomien må vi få til om vi vil bygge ned sosial ulikskap og berge natur og miljø, blir såleis ikkje fanga opp av slike «rangeringar». Dei er basert på ein «additiv logikk», som nettopp var den grunnleggande kritikken av bruken av Millenium Development Goals (2000 -2015).
Så kva er kunnskapsgrunnlaget for den nye utviklingsmodellen som veks ut av samspelet mellom dei 17 måla? Så langt kan vi berre antyde noen tema for den akademiske orienteringa.
Eitt svar er at universiteta faktisk engasjerer seg. Initiativet til SDG Bergen og den nasjonale universitetskonferansen om bærekraftsmåla illustrerer både engasjementet for 2030-agendaen, og debatten om måla innan akademia. Dette engasjementet skaper debatt mellom iallfall tre variantar av utviklingsmodellane lansert; framhaldet av den ny-liberale modellen (slik denne t.d. er nedfelt i Granavolden konferansen), den reform-kapitalistiske (t.d. Stiglitz abeide med å etablere alternative indikatorar for utvikling til BNP), og den øko-sosial modellen basert på idear om ein solidaritetsøkonomi (t.d. utvikla av United Nations Research Institute for Social Development, UNRISD). Mange tunge innlegg på bærekraftskonferansane tyder på at det er den siste modellen som vekker mest debatt internasjonalt, medan den første framleis dominerer politikken i Noreg.
Bærekraftkonferansane 2018 og 2019
Etter initiativ frå UiB er det til no arrangert to nasjonale konferansar for universitets- og høyskolesektoren i Noreg om 2030 agendaen og dei 17 måla, styrt av eit samarbeid mellom universiteta. Både i 2019 og i 2018 var professor Dr. Katherine Richardson ifrå København universitet innleiar. Ho er og ein av dei 16 nemnd opp av generalsekretæren i FN, den såkalla «Group of Independent Scientists», som til sommaren (2019) skal rapportere om iverksettinga av dei 17 måla: den kommande «UN Global Sustainable Report». På konferansen i år reiste ho tema; korleis ta vare på «global commons» som eit solidaritetesprosjekt? For å klare det vi må starte debatten om eigedomsretten under kapitalismen, fokusere på den globale ulikskapen mellom land og folk, og forstå at dei vestlege land er minst like langt frå realiseringa av måla som utviklingsland; om vi ser på samanhengen mellom ressursbruk og sosial framgang. Noreg t.d. skårar høgt på det siste, men svært lavt på det første, vi kjem såleis samla dårleg ut, det einaste landet som kombinerer relativt bra den øko-sosiale balansen er det utbomba Vitenam.
Vi må og innsjå grensene for både teknologi og marknad innan noverande økonomiske system.
I hennar utviklingsmodell må fokus vere ein politikk som omfordeler og reduserer fotavtrykk. Realisering av dei sosiale måla går stort sett på kostnad av naturen, og skaper veksande ulikskap mellom land og internt i alle land. Samspelet mellom sosiale mål og miljømål roterer rund mål 10; å bygge ned ulikskap. Dette var eit mål økonominettverket til Stiglitz fekk med etter heroisk innsats under forhandlingane i 2014/15. For å forstå koplingane mellom det økologiske og det sosiale må «Earth Science» (verdskunnskap) gje oss utviklinga av relevant kunnskap om korleis vi kan styre, eller få oppslutning om å styre, mot ein ny utviklingsmodell. Vi må tenke igjennom måten kapitalismen forstår relasjonane mellom natur og samfunn på nytt . Dette er truleg universitetas primære og første oppgåve oppgåve i relasjon til 2030-agendaen.
Dr. Jason Hickel ifrå Goldsmiths University of London, og panelet som følgde, diskuterte bærekraftsmåla sin indre (in)konsistens. Den viktigaste utfordringa, og det som i følge Hickel må endrast: I mål 8 er vekstparadigmet bakt inn (mål om 3 % vekst som OECD nærast tilfeldig innførte ca. 1960). Alt no er ressursbruken langt over tolegrensa for jorda; og viss alle skal ha vår levestandard, mangfaldige gonger (kanskje 6-7). 2030- agendaene viser ikkje til forskinga om dei 9 tolegrensene til jorda, sjølv om dei fleste delmåla om liv i havet, på land og i lufta bygger på førestellinga om grenser for bruk av naturen. Grøn vekst, sirkulær økonomi og grøn teknologi er alle tiltak som ikkje monner nok om ressursgrensene skal styre økonomisk aktivitet (Raworth 2017). Heller ikkje «geo-engineering», særleg CO2 lagring som står så sentralt for det norske politiske regimet (inkludert Forskingsrådet) monner. CO2 lagring representerer den økonomisk/politiske koopteringa av forskinga for vidareføring av vekstmodellen og karbonøkonomien, og illustrerer kvifor forskingsbasert kunnskap er den svake partnaren når stat og økonomi er alliert som i Forskingsrådet. Fleire av innleiarane problematiserte den særnorske oljeretorikken. Utanfor Noreg er det vanskeleg å finne særleg oppslutning om «Bio Energy Carbon Capture and Storage» (BECCS), og som Dr. Thierry Courvoisier, direktør for European Academies Science Advisory Council (EASAC) framhever i sitt innlegg; denne felleseuropeiske forskingsorganisasjonen åtvarar mot blindsporet; vi har berre nokre få år på oss til å gjennomføre det store skiftet.
I innlegg sitt prøver direktøren for EASAC også å realitetsorientere universiteta og akademia om deira svekka rolle under ny-liberalismen. Kor mykje innverknad har eigentleg akademikarar? Han viser til at hans organisasjon strevde med å skaffe seg eitt enkelt kontor i Bryssel. Rett ovanfor kontoret ligg Volkswagen-konsernet sin lobbybygning på 4 etasjar. Det retoriske spørsmålet til konferanseforsamlinga var; kven trur du har størst innverknad?
Den relativt overlegne makta til dei multilaterale konserna, og difor det ansvaret dei har for vår framtid, understreker behovet for kritisk kunnskapsutvikling og alternativ til måten dei bidrar til løysinga av våre problem. Kunnskapen må styrke si makt, den kan ikkje lenger halde fram med å vere eit reiskap for «innovasjonsøkonomien» som i vekstmodellen vi skal diskutere nedanfor. Men som Richardson diskuterte; eigedom som gir makt til å investere utan ansvar for øko-sosiale konsekvensar er vår første utfordring. Dei globale konserna har ingen slike utfordringar i dag innan det rådande globale ny-liberale regime.
Difor må kunnskapens uavhengige stemme styrke seg overfor politikken. I innlegget sitt om makt i det globale (global governance) framhever Michael Zürn at vi i styringa av «global commons» er avhengig av alliansar mellom sosial-politisk mobilisering og epistemiske fellesskap (epistemic communities). Det paradoksale er at medan 2030-agendaen representerer ein appell til å bygge ut slike koplingar innan det multilaterale systemets rammer, er oppslutninga om slike organisasjonar i ferd med å underminere legitimitet og autoritet. Det store fleirtal av oss menneske på jorda er styrt av regimer som i liten grad ser ut til å følgje opp intensjonen med 2030-agendaen. Trump/Bolsonaro er normalen. Kunnskap om dei globale utfordringane har trange kår. Innan slike regimer er krav til dei globale selskapa om sosialt og økologisk ansvar også svake. Bruken av skatteparadis forsterker dette, der finn vi og dei firma som tek minst sosiale og miljømessige omsyn.
Det er såleis framleis slik at økonomisk vekst à la OECD motiverer politikken. Sidan ca 1980 har den vore inspirert av neoliberale verdiar, med aukande kostander for våre «global commons».
Ny utviklingsmodell?
OECD og vekstparadigmet
I etterkritstida og fram til i dag er det i hovudsak OECD som har forma og forvalta vår utviklingsmodell. Etter ca 1963 har vi eintydig fokusert på økonomisk vekst. Det hegemoniske vekstparadigmet OECD etablert tidleg på 60-talet ved hjelp av det fremste av økonomar og statistikarar, ekskluderte gradvis alle andre utviklingsmål, t.d. verdsetting av aktivitetar utanom arbeids- og varemarknaden. Vekstmodellen skjulte at Schumpeter-legitimerte innovasjonar fører (og førte der fagrørsla var svak, som i USA) til framveksten av prekariatet med dei store sosiale kostnadene dette har, underslo miljøøydeleggingar (forurensar kan kjøpe seg fri-prinsippet), legitimerte superprofittar frå felles naturressursar (grunnrenteverdiar), eller anna bruk av «the global commons» – som det no snart er for seint å forsvare (Schmelzer 2016).
I 1963 såg OECD-vekstparadigmet slik dei hadde etablert det ved hjelp av ekspertisen som norm for sitt område, og etter at muren fall; som gjeldande globalt. Historikaren Smelzer, som no er leiande forskar innan «de-growth» nettverket, framhever i boka si «The Hegemony of Growth», om etableringa av vekstparadigmet:
«In the context of the Cold War, colonial decline, and international competition, economic growth became the most essential symbol and key foundation of national power. It was not in the terms of equality, emancipation, or empowerment that nation states around the world came to compete against each other, but in terms of rising quantities of goods and services produced. Growth became the internationally accepted policy goal, common denominator, and most basic form of global governance».
Likskap, frigjering og maktfordeling er derimot sentrale verdiar innan 2030-agendaen. Med det ny-liberalistiske gjennomslaget frå ca. 1980 (også i OECD), var arbeidet med vekstparadigmet eintydig forsterka av etterspørselsøkonomiens teoretiske hegemoni, finansialiseringa av økonomien, og den såkalla «frihandelens» ekspansjon.
Samstundes som OECD koordinerte fagmiljøa sitt arbeid med å standardisere måten å måle veksten (BNP), starta også arbeidet med å reformere høgre utdanning og forsking. Innafor vekstteorien blir kunnskap etter kvart forstått som den avgjerande produktivkrafta. Difor kunnskapsøkonomi, først med ei omforming av relevansomgrepet frå noe akademikarane sjølve definerer til kva kunnskap som er til nytte for veksten. Dernest forminga av fag, karrierer, og tema og programstøtta forsking (Forskingsrådet etter omlegginga i 1994) i tråd med vekstlogikken. Til og med presteutdanninga. Den forskinga som gjev betre konkurransevilkår (det som etter kvart blir kalla innovasjonsforsking) er relevant, det andre høyrer til elfenbeinstårnet. Dei utdanningane med eit «læringsutbytte» for vekst, har kandidatar med relevant kunnskap, ein «human kapital» som er vert løna si. Norsk utdanning- og forskingspolitikk har (som EU generelt) stort sett kopiert oppskriftene frå OECD om relevans og om nødvende av å satse på «human kapital», som det heiter i innovasjonssamfunnet: «den kapitalen vi skal leve av i framtiden».
Men på same måten som økonomane som var først ute med å utvikle idear om BNP som mål på framgang, var det og innan OECD alt frå starten ein viss skepsis til at eitt tall kunne vere mål for meininga med livet. Sentrale direktørar i OECD var med i diskusjonane som førte fram til Romaklubb-rapporten «Limits to Growth». OECD var og først ute med klima-debatten som for alvor fekk innverknad i politikken omlag samstundes med «Limits to Growth» rapporten vart gitt ut. Ifølge Smelzer var denne skepsisen fort overvunne ettersom ny-liberalismen tok over, og miljødebatten vart integrert i vekstdebatten. Miljø/økonomi/teknologi var nettopp viktig fordi denne hadde økonomisk vekstpotensiale i framtida, marknaden var virkemidlet (som CO2-sertifikata er berre eitt døme på).
Om vi spoler fram til dagens regime ser vi at det er det ny-liberale OECD som mest inspirerer. Granavoldenerkæringa framhever at:
«Regjeringa vil byggje klimapolitikken på marknadsbaserte og kostnadseffektive tiltak. Hovedpolitikken i norsk klimapolitikk er, og skal vere, sektorovergripande verkemiddel i form av klimagassavgifter og utsleppskvoter som kan omsetjast».
Om vi ser på sektordepartementa, følgjer desse trufast denne overordna marknadslogikken.
Når statsminister Solberg, som og hadde innlegg på den første konferansen i Bergen, framheva at vi må sjå måla som ei heilskap, er det lite av denne heilskapstenkinga som viser igjen i enkeltdepartementas framlegg.
Den såkalla silo-tenkinga er framleis til stades, no legitimert av ein abstrakt marknadslogikk. Den globale dimensjonen er sterkast uttrykt under avsnittet handel: at Noreg gjennom WTO skal vere ein aktiv drivkraft for frihandel. Både WB, som Noreg støtter meir enn dei fleste, Pengefondet (IMF) og WTO kom all med sine tolkingar av 2030-agendaen som ei bekrefting på at deira globale (nord-sør) politikk var nøkkelen til bærekraftig utvikling. Vekstideologien er jo framleis tilstades som påpeika på konferansen. Det tilfeldige vekstmålet som OECD satte tidleg på 60-talet (om 3 % prosent per år), som vil doble vårt potensielle private konsum om 20 år (jamfør langtisplan/melding for regjeringa) legitimerer desse multilaterale organisasjonanes måte å fortolke måla på. Tidleg i 2018 kom t.d. WTO med rapporten «Mainstreaming Trade to Attain the Sustainable Development Goals», IMF oppforderer utviklingsland til å investere i «det grøne», det er der veksten vil kome, osv.. Afrika svarer, ifølge ei høring arrangert av den uavhengige akademiske gruppa til FN (Richardsons gruppe), at:
«The focus on life-improving and emission-reducing goals rather than abstract economic goals would also characterize the relations between developing and developed countries; economic activity between them would consist of bidirectional learning in order to build new, locally suitable infrastucture and practices at both ends. This kind of proactive state-led economic governance oriented towards self-sustained low-emission production and consumption runs contrary to dominant world political order, which has been organized around international free trade. Key international institutions, such as the International Monetary Fund, which has been known for its policies of privatization and export led industrilalization, will need to be reconfigured accordingly.»
Den andre modellen av dei tre vi nemnde, Stiglitz’ «wellbeing model», er eit reform- forsøk innan etablert global kapitalisme. Ei korrigering av vekst-modellen innanfor den kapitalistiske vekstlogikken (med sideblikk på Sen-tradisjonen og UNDPs Human Development Report). I tråd med kritikken frå Afrika, og i allianse med dei kreftene innan OECD og reformorienterte økonom-nettverk lager han rapportar for OECD. Særleg den siste rapporten «Beyond GDP. Measuring What Counts for Economic and Social performance» tar opp att tråden frå «Limits to Growth» sin kritikk av «dette eine måltallet». Arbeidet med «well-being»-indikatorar og tiltak (i ulike land frå ca. 2009) har i og med 2030-agendaen fått enno sterkare legitimitet, etter å ha vore undertrykt av det ny-liberale skiftet (marknad/teknologi/innovasjo/kunnskapsøkonomi/utvikling-modellen). I dette perspektivet er det ikkje snakk om «de-growth», heller sterkare vekst om berre økonomien blir styrt av eit samspel mellom dei 12 indikatorane i hovudsak orientert mot omfordeling, sosial rettferd og likskap, med eit tillits-samfunn som konsekvens.
«Well-being» prosjektet forventar ein langt sterkare intervensjon i økonomien enn ny-liberalismen, dvs. ei anna plattform enn Granavolden. Korkje marknad eller teknologi bygger ned ulikskap eller tar nok omsyn til miljøet.
Det er likevel berre den tredje utviklingsstrategien nemnd ovanfor som tar opp spørsmål om endringar internt i økonomien i tråd med det som mange innleiarar antyda var nødvendig på bærekraftskonferansane. Det øko-sosiale utviklingsparadigmet basert på ein sosial solidaritetsøkonomi vart på den første konferansen presentert av Katja Hugo, UNRISD.
I dette paradigmet er eit skifte i relasjonen mellom menneske og natur satt i fokus, alternative produksjonsformer innan rammene for miljøet foreslått som utfordrar både eigedomsrett, patriarkalsk makt, og tar ideen om meiningsfylt arbeid for alle på alvor.
Stiglitz et co, drøfter ikkje, som Hugo, kvifor oljeøkonomien, CO2 lagringsteknologien og geoengineering ikkje kan hjelpe oss i tide eller skape sosial rettferd.
I «UNRISD Flagship report» ifrå 2016 argumenterte Katja Hugo:
«Based on carbon-fueled growth, the global economy in its current form is incompatible with environmental sustainability. Combating climate change and environmental destruction caused by unsustainable patterns of consumption and production will require multiple innovations at the conceptual, policy, institutional, social and technological levels. The sustainable development model, which integrates economic, environmental and social objectives, needs to fully replace current growth-led models where the social and ecological dimensions are mere add-ons.»
Medan vekstparadigmet, også i si reformerte form styrer kunnskapen mot vekst, har dette paradigmet den øko-sosiale relasjonen som rettesnor for kva kunnskap som er relevant. Om vi meiner det med «Transforming our World» må akademia bidra:
«Transforming our world toward sustainability requires understanding of environmental degradation and climate change as social and political issues. Adopting an eco-social lens in policy design and implementation can facilitate not only green but also fair approaches that will be required to achieve the SDGs. It would help minimize the risk of injustice associated with green economy policies, and redress the distributional impacts of environmental and climate change policies in favour of vulnerable groups.»
Ikkje berre bærekraftkonferansane i Bergen har reist spørsmålet om vi må endre vårt grunnleggande utviklingsparadigme. Om vi tar alvorleg vårt samfunnsansvar frå Global Agenda 2030, bør arbeidet med å ta kontroll over relevans-omgrepet for forsking og kunnskapsutvikling i tråd med det øko-sosiale paradigmet starte straks. Vi må legge ned veto mot miljø og sosial-fientlege handlingar, som også antyda i World Social Science Report, 2016: «Challening Inequalities: Pathways to a Just World (ISSC:Unesco).» No er tida for å sitte på gjerdet over «as climate and global environmental change force society to face staggering human –made crisis, and as the world struggles to find a path towards a more secure and sustainable future» (p. 26).
Første steg, som hevda ovanfor, er ein ny utviklingsmodell: «The SDG framework should promote a new approach to measuring economic progress towards sustainable development.» (Frå «Review of Targets for the Sustainable Development Goals: The Science Perspective». International Council of Science and International Social Science Council, UNESCO. Paris. 2015:p. 9).
Medan den første utviklingsmodellen (som no rår i Noreg) i liten grad utviklar alternativ til vekstmodellen slik vi kjenner den no og Stiglitz reisar debatten om alternativer til ny-liberalismen (og samstundes bidrar med alternative indikatorar til BNP), er det den øko-sosiale solidaritetsøkonomien som i størst grad finn gjenklang innan breiare akademiske debattar om dei globale utfordringane og behovet for ein ny utviklingsmodell. Utfordringa no er å omsette kunnskap om problem til kunnskap om løysingar. Bærekraftkonferansen i Bergen er ein arena for slike diskusjonar.
Kilder:
- www.un.org: «On 1 January 2016, the 17 Sustainable Development Goals (SDGs) of the 2030 Agenda for Sustainable Development — adopted by world leaders in September 2015 at an historic UN Summit — officially came into force. Over the next fifteen years, with these new Goals that universally apply to all, countries will mobilize efforts to end all forms of poverty, fight inequalities and tackle climate change, while ensuring that no one is left behind.»
- Peter M. Haas og Casey Stephens (2017): «Ideas, Beliefs and Policy Linkages»
- Kanie og Bierman: «Governing through goals. Sustainable development goals as governance intervention.» Massachusetts, MIT Press (s. 138): «The governance problem is that too many issues are addressed in isolation, yielding a disarticulated and diffuse policy space».
- International Council for Science (2017), «A guide to SDG interactions: From Science to Implementation.» Paris ICS. (s. 8): «This analysis found no fundamental incompatabilities between goals (i.e. where one target as defined in the 2030 Agenda would make it impossible to achieve another). However, it did identify a set of potential constraints and conditionalities that require coordinated policy interventions to shelter the most vulnerable groups, promote equitable access to services and development opportunities, and manage cmpeting demands over natural resources to support economic and social development within environmental limits.»
- O`Neill, Daniel et.al (2018). «A good life for all within planetary boundaries», Nature Stainability Volume 1, side 88-95.
- Den som har følgd opp tema om menneske/natur relasjonar under kapitalismen (og kvifor dette må endrast) er Vetlesen (Arne Johan) sjå t.d. (2015) «The Denial of Nature, Environmental Philosophy in the Era of Global Capitalism», Routledge.
- Den vanlegaste referansen til «tolegrenser» er Rockström et al (2009), «A safe operating space for humanity».
- EASAC Policy Report 35, February 2018, «Negative Mission Technologies: What Role in Meeting Paris Agreement Targets?»: «A lack of urgency may be the belief that somehow «technology» will come to the rescue. The present report show that such expectation may be seriously over-optimistic» (… the report show) «that technologies capable of taking out CO2 from the atmosphere are certainly no «silver bullet» (…) (Thierry Corvoisier, EASAC President. Forward.). Forskingrådet i Noreg er såleis, til tross for store satsingar på forsking for CO2 lagring, paradoksalt nok med på konklusjonen (s. 1): «we conclude that these technologies offer only limited realistic potential to remove carbon from the atmosphere (…) Negative emission technologies may have a useful role to play, but on the basis of current information, not at the levels required to compensate for inadquate mitigation measures».
- Opp igjennom har «utviklingsforsking» lagt vekt på at «utviklingsmodellen» er breiare enn «vekstmodellen», og at «utvikling» er noe ein kan nå (bli utvikla), medan vekst alltid er eit mål om meir vekst (unendeleg progresjon). I realiteten er «utviklingspolitikk» styrt av dei same måla som OECD-området sin vekstpolitikk, og faktisk eit virkemiddel for denne (imperialismen à la WTO). Etter kvart som «utviklingsland» blir «utvikla», blir dei vurdert etter OECDs vekstmodellar, noen av dei, såkalla ny-liberalt reformerte, som Chile og Mexico, er også blitt medlemmer av OECD, andre sit på «venterommet» og er assosierte medlemmer.
- Alt i 1961 hevdar OECD: «Rapid growth facilitates the harmonious development of world economy, helps to promote a liberal world trading system, provides a necessary foundation for rising living standards and ensures a high level of employment. It will enable industrialized Member countries to contribute more effectively to the development of less developed countries», OECD_HA, Press Communiquè, Oct. 31/1962 (s. 185)
- http://www.degrowth.info/en/conference/support-group.
- Schmelzer, Matthias (2016:347): «The Hegemony of Growth. The OECD and the making of the economic growth paradigm», Cambridge.
- Grunnlaget for den neoliberale vendinga i OECD vart lagt i «MacCracken rapporten» (publisert februar 1977), MacCracken kom frå Mont Pelerin Society, som i si tid operasjonaliserte omgrepet ny-liberalisme, og som elles var nyliberalismens tenketank eller «tankekollektiv», sjå Mirowski and Plehwe, «The road from Mont Pelerin», Harvard. Harvard UPress. Talet på medlemmer i Mont Pelerin var avgensa til 1000, men desse medlemmen har over tid initiert ei rekke andre neoliberale tenketankar og nettverk med avleggarar i dei fleste land (jamfør Civita i Noreg) som i stor grad også er i interaksjon med OECD.
- OECD (2017), «OECD Review of Innovation Policy: Norway», Paris, OECD.
- Schmelzer (op.cit) s. 300: «In the following years, the OECD even advanced a Schumpeterian line of argument, according to which environmental policies could stimulate innovations in new methods of production a industrial organizations, opne up new consumer markets, and strenghten those forces taht are, according to Schumpeter, «the fundamental impulse that sets and keeps the capitalist engine in motion».
- World Trade Organization (2018), «Mainstreaming Trade to Attain the Sustainable Development Goals», Genève, WTO
- OECD (2015), «How`s Life? Mearuing Well-being», OECD Publishing, Paris.
- Stiglitz et.al (2018), «Beyond GDP. Measuring what counts for economic and social performance», Paris, OECD.