Solidarisk forvaltning av Oljefondet
Photo-Ms Jane NalungaJane Nalunga, er fra den afrikanske organisasjonen Southern and Eastern African Trade Information and Negotiations Institute (Seatini), i Uganda. Jane Nalunga har besøkt Norge flere ganger. Dette er hennes innledning fra Globaliseringskonferansen, 8.november 2008.

Nei takk til bistand

Afrika treng ikkje bistand, men investeringar i produksjonsvenlege sektorar. Det er fullt mogleg å tene på investeringar i Afrika samstundes som ein bidreg til berekraftig utvikling, men då må ein investere i produksjonsvenlege sektorar som jordbruk og industri, og ikkje gå vegen om børsen.

Berekraftig forvaltning

Fyrst vil eg sei at de er heldige som har høve til å diskutere dette temaet. Der eg kjem frå gjere me ikkje det. Me har akkurat funne olje i Uganda. Som sivilsamfunnsorganisasjon har me forsøkt å få svar på kven som utvinn oljen, kor mykje olje som finnast og korleis me skal bruke den. Me er ikkje informert i det heile tatt. Så dette er ei god erfaring der de kan sei ifrå korleis de vil at pengane skal investerast. Eg vil kome med nokre forslag til korleis desse pengane kan brukast, men eg vil ha i mente at dette fondet er for framtidige generasjonar. Vår generasjon er forplikta overfor komande generasjonar når det gjeld å investere desse pengane, fordi det ikkje vil vere att olje i bakken om hundre år. Så det er framtidige generasjonar sin rett til å få ein del av den gåva de har fått. For meg er det også ei erfaring å bygge vidare på for oss i Afrika. Måten me brukar ressursane våre på er ikkje berekraftig, me reinvesterar ikkje, me bare tar. Og det er for meg ein lærdom å ta med heim att, korleis Noreg har olje og investerar pengane dei får for den.

Invester i jordbruk
Foto: Sigurd Jorde, Utviklingsfondet

Så kva er formålet med dette fondet, er det berekraftig utvikling eller er det å skaffe meir pengar? Er desse formåla gjensidig utelukkande? Kan de investere desse pengane på ein berekraftig måte; profittere, og i tillegg bidra til den globale utviklinga? Fondet blir investert i store selskap som søkjer å profittere. Korleis kan me overbevise desse selskapa om at dei må redusere overskotet dei tar ut, slik at me kan sikre ei berekraftig utvikling? Eg trur det er mogleg. De kan investere i berekraftige prosjekt samtidig som de profitterar. Dette må de overbevise fondsforvaltarane om. Det er vår generasjon sitt ansvar å sørgje for at verda blir ein betre stad sosialt og miljømessig. Me investerar i våpen for å sikre vår tryggleik. Me investerar meir og meir pengar for å slåss for tryggleik. Kvifor investerar me ikkje desse pengane i utvikling? Dersom nokon er lykkeleg og har trua på framtida så tar dei ikkje liv. Dersom du har ein god middag, ein film og ei god bok å lese så vil du stå på. Men dersom du har mista trua på livet, om du ikkje har vatn, mat eller seng…

Nei takk til bistand

Me har diskutert dei finansielle krisene, at pengar gror på tre. Du kjøper pengar og sel dei igjen og innan ein time har du tent ein milliard dollar. Me må spørje oss korleis det kan vere mogleg at folk tener på å overføre pengar frå ein stad til ein annan. Me må skape bevisstheit rundt produksjonsvenlege sektorar. Å investere i produksjonsvenlege sektorar betyr at å investere i sektorar som jordbruk og industri, i staden for å spekulere i aksjeverdi på børsen. Min beskjed er ikkje «gje Afrika bistand». Me har sett at bistand er mislykka. Eg har forstått det slik at Noreg lånte pengar med krav om å kjøpe skip frå Noreg. Det var på slutten av 1970-talet. Skipsindustrien gjennomgjekk nedgangstider og styresmaktene spurde seg korleis dei kunne stimulere sysselsetting innan skipsindustrien. Dei gav bistand til afrikanske og latinamerikanske land og politikarane forplikta lånetakarane til å kjøpe norske skip. Ei rekkje land kjøpte skip, men dei måtte likevel tilbakebetale gjelda, noko dei ikkje klarte. Heldigvis sletta Noreg denne gjelda. Noreg betalte imidlertid ikkje tilbake dei pengane som var betalt før gjelda vart sletta. Så når eg snakkar om dette fondet så snakkar eg ikkje om bistand, men om forretningsinvesteringar. Investeringar i produksjonsvenlege sektorar er ein vinn-vinn situasjon. Partane forhandlar og ser moglegheitene til å profittere.

Noreg kunne ha investert i fiskenæringa i Uganda. Ferskvannsfisk er kjempegodt og det er god forretning. Noreg kan også investere i miljøvenleg teknologi. På slike måtar kan de investere i eit felles gode på eit forretningsmessig vis, ikkje via bistand. Eg trur det ville ha vore ein vinn-vinn situasjon.

Ressursforbanning

Fondet kan investerast i Afrika. Me har masse mineral, olje, gass, edelsteinar som kunne ha vore eit felles gode. I Afrika har imidlertid olje og mineral blitt eit utgift. Faktisk var det slik at når Uganda (styresmaktene) sa at dei hadde funne oljereservar så svara folket «nei, nei, nei, kvifor skulle me ha olje». Me hadde ikkje lyst på olje, fordi i oljerike land som Nigeria lir folket. Naturressursar er ei utgift i våre land. Korleis kan Noreg vise Afrika korleis ein kan omforme oljen til ei velsigning? Svaret er ikkje bistand, men forretningsinvesteringar.

Spekulasjon

Eg ser ingen forskjell på å investere fondet på afrikanske eller amerikanske børsar så lenge det er spekulasjon. Ikkje så lenge investeringane går til dei med høgast inntekt. Det er viktig at fondet vert investert i produksjonsvenlege selskap. Ein må garantere at forholda i desse selskapa er gode, at arbeidarane vert skikkeleg betalt. Vidare må ein forsikre seg om at pengane vert reinvestert, for eit av hovudproblema i dag er kapitalflukt. Så det er viktig at fondet vert investert i selskap der ein kan forsikre seg om at ein har påverkingskraft. Det er også viktig med teknologisk overføring. Korleis kan teknologi bli overført til selskap ein investerar i? Dette er målbare resultat som er neglisjert i Afrika.

Globalt perspektiv

Det er veldig bra at de diskuterar korleis de kan bruke fondet på ein solidarisk måte, men det er viktig å gå lengre enn å diskutere forvaltninga av pengane. Me må sjå på det globale biletet og dei globale utfordringane. Kor kjem dei finansielle krisene frå? Kvifor kom den akkurat no? Kva med klimakrisa? Kvifor har me ei klimakrise? Ved å sjå på det globale biletet og dei globale utfordringane kan de få ei oversikt over kor og korleis de bør investere fondet.