Den tyske tv-stasjonen ARD (Tagesschau) lekka onsdag den 13. august ut på nettet store deler av avtaleteksten til CETA, ein frihandelsavtale mellom Canada og EU som tydelegvis er bygd over same lest som den meir omtala TTIP-avtalen som parallelt er under forhandling mellom USA og EU. I tillegg til å innehalde hundrevis av handelstekniske sider, omhandlar 25 sider av den lekka avtalen, den omstridde tvisteløysingsordninga, ISDS (Investor-State-Dispute-Settlement), som særleg Tyskland skal vere svært skeptisk til. Det har tidlegare kome meldingar frå tyske forhandlarar om at ein slik ISDS-ordning kan velte både CETA og til og med TTIP-avtalen.
Den ferske CETA-lekkasjen ser ut til å stadfeste det som tidlegare har vore antyda om innhaldet i denne avtalen, som til liks med TTIP og TISA-avtalane blir forhandla bak ganske så lukka dører. Brent Patterson, politisk direktør i Council for Canadians, kallar dokumentet “highly problematic”, og legg til at spesielt kapittelet om investor-stat-tvisteløysingsordninga er udemokratisk. “Det er den same ordinga som vi har sett i NAFTA (Den Nordamerikanske Frihandelsavtalen), og som har vist seg å vere ei katastrofe”, uttaler Patterson til huffingtonpost.ca.
Grunnen til at diskusjonen rundt denne ISDS-ordninga sterkt bør interessere oss her til lands, er at TISA-avtalen, investorvern-avtalen for tenester som Norge eit års tid har forhandla med femti andre land om, også skal innehalde ei tvisteløysingsordning. Ei ordning som det enno ikkje har lekka ut detaljinformasjon om ! Det er elles som eit apropos verd å merke seg at EU-ombudsman, Emily O’Reilly, er mellom dei som sterkt kritiserer det manglande innsynet i forhandlingane om desse handelsavtalane…
Den lekka teksten stadfester altså (Section 6, Article X.25: Constitution of the Tribunal) at ein investor vil kunne bruke ei tvisteløysingsordning utanfor det vanlege rettsapparatet for å saksøke ein nasjon som innfører eit politisk tiltak som reduserer fortenesta til investoren. Eksempelvis tobakksprodusenten Philip Morris, som saksøker land som vil innføre tiltak for å redusere den skadelege tobakksbruken… Faktisk avviste det norske rettsapparatet eit slikt søkmål mot Norge frå Philip Morris i 2012… Slike tvistar skal altså etter denne ISDS-ordninga avgjerast av tre domarar som ingen ting har å gjere med det vanlege rettsapparatet i dei ulike landa!
Det er klart at investorar har eit forståeleg behov for pålitelege rammevilkår, men det er ting som tyder på at dette omsynet “går over alle grenser” i desse avtalane, når demokratiske og rettslege omsyn blir sett til side i den grad det her ser ut til…
Ålesund 15. august 2014
Odd Tarberg
otarberg@mimer.no