Attac inviterer til julegilde!
Vi legg bak oss eit år der det har skjedd mykje med mange av Attac-kjernesakene, og mykje har gått vår veg: TTIP-avtalen er lag godt ned i ei skuff, skatteparadis har vore høgt på dagsorden og det er berre nokre av dei mange Attac-sakene som har vore framgangsrike i 2016.
Derfor samlast vi for å feire, juble, avreagere, drikke, ete og generelt ha eit godt gilde før vi takkar av 2016.
Det skjer på Cafe Vespa. Dei serverer god mat og god drikke.
Alle medlemmer, aktivistar, sympatisørar og andre som kjenner ei form for tilslutning til Attac er hjarteleg velkomne.
På grunn av bordreservering og matbestilling, har vi påmelding: Til mads@attac.no seinast 8. desember.