Med ei utvikling der nokre få store selskap har veldig mykje informasjon om korleis kvar og ein av oss fer fram på internett, er det presserande at myndigheitene også hengjer med.

Nokre få store selskap har veldig mykje informasjon om korleis kvar og ein av oss fer fram på internett skriv forfatteren. Bilde: Edho Pratama på Unsplash.com

Attac helsar difor velkomne sterkare personvernlovgjeving. Det er stadig meir avgjerande at regelverket sikrar at vi kan leve vårt digitale liv utan å uroe oss for kva gigantfirmaa gjer med dataa våre.

Den nye personopplysningslova vil vera eit steg i rett retning i så måte, og det finnest grunn til å vere positiv til hovuddelen av framlegget. Samtidig kan denne lova kan bli sett under hardt press i forhandlingar om handels- og investeringsavtalar. Difor er det bekymringsverdig at formuleringane i personvernforordninga er ulne på hvorvidt personvernbestemmelsene kan settes til side av internasjonale avtaler eller ikkje.

Les også: Attac Norges høringsinnspill

Eit eksempel på ein handels- og investeringsavtale som vil kunne setje dei elles gode prinsippa i lova under kraftig press, er den omdiskuterte TISA-avtala. Det ligg mange gode grunnar føre til å legge arbeidet med denne avtala bort for godt. Den primære tilrådinga vil altså vera å trekkje Noreg ut av forhandlingane om avtalen.

Sekundært bør iallfall personvernet sikrast. Ut frå lekkasjane som har komme, har det eksisterande framlegget til TISA-avtale eit eige kapittel om e-handel. Av det vi har registrert som er komme ut om situasjonen i forhandlingane, er det nettopp på spørsmål om personvern usemja mellom partane er tydelegast og avstanden er størst. Regjeringa må vera aktsame og tydelege på at avtala ikkje skal ramme personvernet verken i Norge eller andre land.

Les også: Telefonalarmen ringer for det 21. århundre

For også i samband med ministermøta og forhandlingane i Verdas handelsorganisasjon (WTO), er det grunn til å vera på vakt. I desember er det nytt ministermøte i WTO, og fleire land vil etter sigande ta opp personvern-relaterte spørsmål her. Ein WTO-avtale vil dekke alle de 164 medlemslanda, hvorav mange er utviklingsland.

Mens vi i Norge nå får styrket personvernet, er det i følge UNCTAD omtrent 60 utviklingsland som ikkje har noko regelverk som sikrar dette i det heile tatt. Det er difor viktig at Regjeringa sørger for å sikre rommet for god personvernlovgivning i desse forhandlingane, ikkje bare for nordmenn, men også for resten av verden. Utviklingsland må ha same muligheit som oss til å utvikle personvernlovgivning og stille krav til hvordan oppsamla data skal behandles.

Mads Opheim