Teksten ble først publisert i Klassekampen 30.11.2018

Vi kunne lese i denne avisa den 27. november at Danmark var svindla for 12,7 milliardar kroner i perioden 2012- 2015. Dette skjedde gjennom korttidshandel med aksjar i eit sokalla cum-ex opplegg. Det blir hevda at dei europeiske landa samla har blitt svindla for rundt 55 milliardar euro på denne måten.

Dersom dei europeiske landa hadde klart å frigjere seg frå det jerngrepet som den internasjonale finansindustrien tydelegvis held dei i, og innført for eksempel den politikken organisasjonen Attac har gått inn for sidan skipinga av organisasjonen i 1998, så ville risikoen for slike tap i praksis blitt fjerna.  Attac-namnet viser nemleg til forslaget om å innføre ei lita, men effektfull skattlegging på alle finanstransaksjonar, noko som ville fordyre nettopp slik spekulativ korttidshandel som mellom andre Danmark har fått svi for. Langsiktig ikkje-spekulativ aksjehandel ville ikkje merke ein slik skatt, og rammevilkåra for det realøkonomiske næringslivet ville blitt meir pålitelege. Det er tåpeleg å halde fram med å basere finansiering av bedrifter på spekulative, kortsiktige pengeplasseringar.

Skadepotensialet til slik spekulativ korttidshandel med aksjar, eller andre meir fantasifulle/lugubre børsprodukt, er som vi ser så enormt at det på ingen måte kan vegast opp av påstandane om at slik korttidshandel aukar kapitallikviditeten for realøkonomien i vesentleg grad. I det minste må det vere lov å hevde at så lenge finansnæringa ikkje på eiga hand er i stand til å etablere ordningar som hindrar  børsane i, gang etter gang, å bli brukte av spekulantar til å svindle land som Danmark og andre for enorme beløp, så burde ansvarleg politikarar ta grep. Mellom anna det grepet som Attac har argumentert for i 20 år.

Odd Tarberg