Både medlemmar og andre interesserte er hjarteleg velkommen på desse faste samlingane til Attac Aust-Agder som vanlegvis blir halde siste tirsdag i månaden.
OBS! NY MØTEPLASS I FORHOLD TIL TIDLIGARE!
Også på denne samlinga kjem vi til å snakke litt om landsmøtet i Attac Norge.
Landsmøtet bllir halde i Oslo 4.-5.mars og no byrjar det å komme eindel saksdokument som ligg tilgjengeleg for oss alle på nettsida om landsmøtet
http://attac.no/arrangement/landsmote-landsseminar-2017/
Andre aktuelle tema å snakke om på dette møtet er kva nytt som er blitt kjent om TISA-forhandlingane, og at EU-parlamentet nettopp har godkjent CETA-avtalen mellom EU og Canada.
Vi bør også snakke om kva slags aktivitetar/arrangement som kan vere aktuelle å prioritere for Attac Aust-Agder framover, slik at dei som deltar på landsmøtet kan diskutere og utveksle idear om dette i samarbeid med både sentrale og lokale Attac-representantar:
- Skoleringstilbod til folkevalgte og fagleg tillitsvalgte om TISA-fri kommune?
- Hellas-filmen (når den blir klar til vising)?
- Aktivitetar under Arendalsuka?
- Andre idear?
Vel møtt!
(og det er lov å invitere med nye)