Åpent treff i Arendal

31. januar

18:30 – 20:00

Prana Kafé

Også i 2017 fortsetter vi med å invitere Attac-medlemmer i Aust-Agder og andre interesserte til ein månadleg samankomst. Vanlegvis er dette eit uformelt treff på kvelden siste tysdag i månaden, utan særskilt program / tema eller innleiingar. Vi har slike treff for at Attac-medlemmer og andre interesserte skal kunne treffast, bli kjent med kvarandre og utveksle synspunkt på aktuelle saker som Attac er engasjert i og arbeider med. Vi kan og lufte forslag og idear til aktivitet som Attac Aust-Agder kan følgje opp, evt. i samarbeid med andre organisasjonar som også har engasjement i aktuell(e) sak(er).

Årets første samankomst blir tysdag 31.januar kl 18.30 på Kafe Prana. Vi må starte dette treffet ein halv time tidligare enn før, pga at Kafe Prana har begrensa opningstida si på nyåret slik at dei no stenger for kvelden kl 20.00. På treffet får vi saman vurdere om vi seinare vil ha den månadlege samankomsten ein annan plass.

I tillegg til aktuelle saker som opptar dei av oss som kjem saman denne kvelden, så må vi denne gongen også snakkast om det kommande landsmøtet i Attac som blir halde i Oslo 4.-5.mars 2017. Ved å klikke på denne linken finn du info om landsmøtet:
http://attac.no/arrangement/landsmote-landsseminar-2017/

Vel møtt! Ta gjerne med deg andre interesserte på samankomsten, sjøl om vedkommande enno ikkje er blitt med i Attac.

Med vennleg helsing frå
Paul Magnus Gamlemshaug
attacaustagder@gmail.com

på vegne av kontaktperson for Attac Aust-Agder, som framleis er Henni Rødland

– En annen verden er mulig!

Sted:

Prana Kafé

Nedre Tyholmsvei 10, Arendal

Tid:

tirsdag 31. januar

18:30 – 20:00

Arrangør(er):