I samband med at Voss kino viser filmen Når boblene brister, skipar debattVOSS til ope møte på Tre brør, torsdag 19. april kl 19.30. Leiar i Attac Norge, Benedikte Pryneid Hansen, innleier til debatt om finanskrisa, motkrefter og konkrete aksjonar – med særleg vekt på skatteparadisa og deira rolle i den internasjonale kasinoøkonomien.
Jon Dale, tidlegare stortingsmann frå SP og medlem av Utanrikskomiteen, kommenterer dei politiske prosessane som opna for kasinoøkonomien og kvifor det er så vanskeleg å er så vanskeleg å snu i tide.