Attacs logo

Medlemstreff i Attac Aust-Agder

13. juni

18:00

Kokkeplassen gård

Attac har vore så heldig at vi har fått låne eit selskapslokale til denne samlinga, slik at våre samtalar ikkje blir forstyrra av støy rundt oss, slik mange følte seg plaga av på forrige samling.

På denne siste samlinga før sommaren får vi besøk av landsleiar i Attac Norge Petter Slaatrem Titland. Hovudsaka denne gongen blir derfor sjølsagt å diskutere korleis vi lokalt kan bidra best mogleg til å støtte og styrke dei aktivitetane som Attac Norge skal prioritere i løpet av Arendalsuka.

Førebels er dette Attac Norge sine planar under Arendalsuka:

Ope møte med filmvising og debatt mandag 14.august kl 19.00 i Auditoriet, Arendal bibliotek:

Attac Norge viser filmen «Under huden til en varsler». Filmen kan bidra …til å gi flere perspektiver på arbeidet mot skatteparadis og skatteunndragelse. Dagens regjering har vært en forsinkende kraft i arbeidet for skatterettferdighet. Neste regjering må ta skatteunndragelse på alvor, også i politisk praksis. Derfor ønsker Attac å vise fram nye etiske og politiske perspektiver på skatteparadisenes rolle i samfunnet. Lekkasjer har bidratt til bedre debatt og bedre forskning de siste årene. Attac ønsker å se nærmere på hendelsene som utløste den første i rekken av lekkasjer som har vekket politikere over hele verden. Filmen handler om revisjonsselskapet PwC i Luxembourg. Historien om Luxembourg er viktig. DnB ble avslørt for å rådgi sine kunder til skatteunndragelse via Luxembourg. Oljefondet har eiendomsselskap i Luxembourg. EU-president Jean Claude Juncker måtte nylig på høring i EU-parlamentet på grunn av Luxembourgs ødeleggende rolle for skattesystemet i Europa. «Lux Leaks» fra november 2014 var den første lekkasjen som viste omfanget av systematisk og aggressiv skatteplanlegging. Senere kom «Swiss Leaks» og «Panama Papers» i 2015 og 2016. Lekkasjene har ført til et paradigmeskifte i arbeidet for skatterettferdighet. (Kopiert frå informasjon vi har fått frå Attac sentralt om filmen.)

Stand i Politisk Gate med utdeling av nyproduserte løpesedlar tysdag 15. og onsdag 16.august kl 11 – 17:

Vi får låne litt plass desse to dagane på standen som Nei til EU har under heile Arendalsuka. Og sjøl om det kjem minst 4 frå Attac sentralt for å delta på aktivitetane Attac skal ha under Arendalsuka, så må vi lokalt sikre nok folk til at det alltid er minst 2 saman tilstades på Attac-standen i heile «opningstida» desse to dagane.

På møtet vårt tysdag 13.juni får vi også diskutere om det er andre aktivitetar som vi i Attac bør prioritere å delta på under Arendalsuka.

Og deretter så er det som vanleg sjanse til å lufte og diskutere andre aktuelle tema.

Sidan dette er siste samlinga før sommarferien så startar vi møtet litt tidlegare enn vanleg, slik at det også kan bli tid til litt ekstra sosialt samvær for dei av oss som har lyst og moglegheit for dette.

Det går buss frå Arendal sentrum til busstoppet ved Kokkeplassen på His:
•Buss 103 til Hisøy har avg kl 17.45 frå holdeplassen tvers over for Mc Donalds i Arendal sentrum
•Buss 100 til Grimstad har avg kl 17.30 frå holdeplass G i Arendal sentrum.

OBS! Før møtestart så står det vegvisar oppe i krysset der ein forlet Vesterveien. Dei som kjem litt seinare enn møtestart (og/eller ikkje ser nokon vegvisar) kan ringe mobil 907 61 481 for å få vegforklaring!

Sted:

Kokkeplassen gård

Vesterveien 134, Arendal

Tid:

13. juni

18:00

Arrangør(er):