Medlemstreff Attac Aust-Agder

Attac Aust-Agder

28. november kl. 19:00
Hong Kong Restaurant, Torvet 3, Arendal

Medlemmar i Attac Aust-Agder og andre interesserte blir med dette invitert til den månadlege samlinga i Attac Aust-Agder som  vanlegvis blir halde siste tysdag i månaden, og no møtast vi TYSDAG 28.NOVEMBER kl 19.00.

Etter gode erfaringar frå dei to forrige møta, så møtast vi igjen på HONG KONG RESTAURANT, Torvet 3 i Arendal. (Tidligare Hong Kong Palace som ligg i 2.etasje med inngang på hjørnet av Torvet/Torggt.) Innst i lokalet er det eit litt skjerma område der vi vil forsøke å få disponere eit langbord denne kvelden. Dersom du ønskar å få deg middag, så serverar dei eit godt utvalg rettar frå buffet til grei pris. Nokre av oss vil sannsynlegvis møte litt tidlegare, f.eks. frå kl 18.00/18.30, for å spise før møtet. Ellers har dei sjølsagt også kaffe/te mm. som andre kafear. (For meir info sjå www.lailaihongkong.no eller Facebook-sida til kafeen)

På denne samlinga må vi i alle fall få prata om:

  1. Kva vi førebels veit om Attac-aktivitetar i Agder som vi vil forsøke å få til på nyåret 2018. Herunder er det vel naturleg å ha ei statusoppfølgjing og vidare arbeid med å konkretisere det som vi blei enige om når det gjeld vidare arbeid med saker om skatteparadis og korrupsjon (med særskilt fokus på bedrifter/selskap som også er lokalt etablert)?
  2. Innspel til Attacs arbeidsplankomite som førebur forslag til landsmøtet 2018: Kva aktivitetar ønskar vi i Aust-Agder at Attac Norge skal ha med i sin arbeidsplan for 2018-19?
  3. Innspel til Attacs valgkomite som førebur forslag til landsmøtet: Har vi i Attac Aust-Agder forslag på nye kandidatar til dei sentrale organa i Attac Norge, eller har vi andre synspunkt som vi ønskar å sende inn til valgkomiteen? (Kopi av mailen som alle medlemmer skal ha fått frå valgkomiteen er kopiert inn under invitasjonsmailen.)
  4. Informasjon om «juleavslutningsmøtet» i Attac Aust-Agder (som det vil bli sendt ut offisiell invitasjon til seinare). Møtet er planlagt halde onsdag 20.desember heime hos vår kontaktperson Henni Rødland (Vestre Grøm 63 i Grimstad). Lise Rødland (tidligare nestleiar Attac Norge, no tilsett på det sentrale kontoret) deltar saman med oss på møtet og kan gje oss siste nytt om aktuelle Attac-saker.
  5. Andre saker som nokon ønskar å ta opp og diskutere.

For dykk som ikkje kan delta på møtet 28.november: Dersom du har innspel/forslag som du ønskar vi skal vurdere på møtet (evt også forslag til dei sentrale komiteane som er omtalt i sakene 2 og 3), så vil eg forsøke å få formidla desse vidare til oss alle i forkant av møtet, dersom du har sendt dei på e-post seinast fredag 24.november. Send innspela til attacaustagder@gmail.com).

Arrangør(er):