Medlemstreff Attac Aust-Agder

24. april

19:00

Hong Kong Restaurant

Sjøl om våren endeleg synest å vere i kominga så vonar vi flest mogleg har lyst til å bruke ei lita kveldsstund innomhus og delta på Attac-samlinga.

På denne samlinga er det tre saker som vi må bruke litt tid på, men sjølsagt skal vi som vanleg også ha god tid til å lufte og diskutere andre aktuelle saker og slike spørsmål som opptar ein eler fleire av oss. Dei tre før nemnde sakene er:

  1. Tor-Olav og Henni informerar frå landsmøtet i Attac Norge 3.-4.mars 2018.
    • Vi andre grev og spør, og så får dei to som deltok på landsmøtet svare som best dei kan.
  2. Tor-Olav informerar om kva som er kome ut av dialogen med Attac Norge sentralt om korleis Attac skal profilere seg under Arendalsuka, kva politiske saker som skal prioriterast, og kva arrangement og aktivitetar som det blir jobba med å få til. Men det er sjølsagt framleis mogleg å kome med gode idear og forslag som kan blir formidla inn til Attac sentralt, så det er berre å ta med slike og kome på møtet for å lufte dei.
  3. Landsmøtet har vedtatt at alle lokallag kan søke om å få bevilga økonomisk grunnstøtte frå Attac Norge sentralt også i 2018. Vi fekk bevilga slik grunnstøtte i 2017, og då var støtta på 2000 kroner. Henni og Paul foreslår at vi skal søke grunnstøtte i 2018 også, sidan vi no har bruka opp nesten alt av støtta vi fekk i 2017.

Men som sagt så vil det bli god tid til å diskutere andre aktuelle saker også.

Så då vonar vi at flest mogleg har lyst til å delta, og minnar til slutt om at det også denne gongen er mogleg å kome før møtestart og kjøpe seg litt mat frå buffeten eller ein av dei andre rettane som står på menyen. Nokre av oss har gjort det før, og nokre gjer det nok denne gongen også.

 

Sted:

Hong Kong Restaurant

Østregate 1, Arendal

Tid:

24. april

19:00

Arrangør(er):