samling i arendal

Samling i Attac Aust-Agder

4. februar

19:00

Hong Kong Restaurant

Samling for medlemmer og andre interesserte i Attac Aust-Agder. Saker på denne samlinga:

Planlegging av lokale opne møte og andre aktivitetar:

1) På denne samlinga må vi gjere dei siste førebuingane, sikre ei god mobilisering og at vi har orden på fordeling av ansvar og praktiske oppgåver i samband med det opne møtet om matsikkerheit som blir halde torsdag 13.februar kl 19.00 i Auditoriet på Arendal Bibliotek i samarbeid med Agder Bondelag og Aust-Agder Nei til EU.

2) Vi tar også ein fot i bakken og oppdaterer når det gjeld planane og opplegget for eit eventuelt ope møte om skatteparadis, og korleis vi kan arbeide for å få lokale vedtak om skatteparadisfrie kommunar i Agder.

Aktuelle saker i samband med landsmøtet 14.-15.mars 2020:

3) Dersom vi ønskar å sende inn forslag til landsmøtet i Attac Norge som blir halde i Oslo laurdag 14. og søndag 15.mars til sakene Politisk plattform og Vedtekter så må vi avklare og konkludere på dette møtet, for slike forslag må seinast vere mottatt hos Attac Norge 9.februar.

4) Er det andre saker som opptar oss lokalt og som vi ønskar å ta opp på landsmøtet så kan vi snakkast om desse også, sjøl om vi då har betre tid på oss før vi må fremme dei.

5) Valg av delegatar er planlagt gjort først på den neste samlinga vår, dvs. tysdag 25.februar. Men det er fint om flest mogleg av medlemmene som har lyst og anledning til å delta på landsmøtet seier frå om det allereie no. Vi får 5 delegatar, og det er jo viktig at vi klarer å få sendt alle desse. Du kan sjølsagt også spørre og foreslå andre enn deg sjøl til å reise og delta som delegat frå lokallaget. (Og alle medlemmer i Attac har lov til å delta på landsmøtet som observatør.)

Oppdatert info om landsmøtet finn du her.

6) I tillegg blir det sjølsagt som vanleg mogleg å ta opp aktuelle saker som nokon av dei frammøtte ønskar at vi skal snakke saman om.

Sted:

Hong Kong Restaurant

Østregate 1, Arendal

Tid:

tirsdag 4. februar

19:00

Arrangør(er):