samling i arendal

Samling i Attac Aust-Agder

27. februar

19:00

Hong Kong Restaurant

Både medlemmer og andre interesserte blir som vanleg invitert til denne samlinga, som blir halde på vår faste plass på Hong Kong Restaurant på hjørnet Østregate/Torvgaten i Arendal.

Nokre av oss vil sikkert som vanleg møte litt tidlegare for å få seg ein matbit frå buffeten eller menyen før samlinga startar kl 19.00. Du er sjølsagt også hjarteleg velkommen til å gjere det.

Aktuelle saker i samband med landsmøtet 14.-15.mars 2020:

Valg av 5 delegatar og eventuelle varaer.

Sidan dette er siste samlinga lokalt før landsmøtet i Attac Norge 14.-15.mars så må vi velje 5 delegatar til landsmøtet og eventuelle varadelegatar. (Berre betalande medlemmer i Attac Norge kan bli delegat, og det er sjølsagt også berre dei som har stemmerett når vi skal velge.) Har du forslag på kven som bør vere delegatar eller sjøl kan tenke deg å bli delegat, men ikkje har anledning til å delta på samlinga så kan du likevel fremme slike forslag med å sende mail til lokallagets kontaktperson Tor-Olav Bergwitz på mailadressa bergwitz@online.noTor-Olav melder etter samlinga inn til sentralt kven som er blitt valgt.

1.marsPåmeldingsfristSiste frist for å melde seg på landsmøtet. Både valgte delegatar og medlemmer som ønsker å delta som observatør, må sjøl i fylle ut det personlege påmeldingsskjemaet på landsmøtenettsida!

Påmeldingsskjemaet finn du her: https://attac.no/arrangement/landsmote-2020/#pmld

Har vi forslag som vi ønsker å fremme på landsmøtet?

Forslag som vi ønskar skal vere innarbeidd i landsmøtepapira før landsmøtet må vere innsendt til sentralt seinast 1.mars. Vi kan framleis fremme:

– Forslag til nye uttalelsar, og endringsforslag til allereie fremma uttalelsar

– Endringsforslag til arbeidsplanforslaget.

OBS! Det er for seint å fremme endringsforslag til Politisk plattform og Vedtekter. No må vi berre bestemme oss for om vi vil støtte eller stemme mot dei endringsforslaga som er fremma.

Andre aktuelle saker på denne samlinga:

  • På denne samlinga kan vi oppsummere og evaluere arbeidet med det opne møtet om matsikkerheit som blei halde torsdag 13.februar kl 19.00 i Auditoriet på Arendal Bibliotek i samarbeid med Agder Bondelag og Aust-Agder Nei til EU.
  • Vi tar vel også ein fot i bakken og oppdaterer når det gjeld planane og opplegget for eit eventuelt ope møte om skatteparadis, og korleis vi kan arbeide for å få lokale vedtak om skatteparadisfrie kommunar i Agder?
  • I tillegg blir det sjølsagt som vanleg mogleg å ta opp aktuelle saker som nokon av dei frammøtte ønskar at vi skal snakke saman om.

Sted:

Hong Kong Restaurant

Østregate 1, Arendal

Tid:

27. februar

19:00

Arrangør(er):