Samling i Attac Aust-Agder

3. september

19:00

Hong Kong Restaurant

Samling for medlemmer og andre interesserte i Attac Aust-Agder.

Saker på denne samlinga:

  • Evaluering av Arendalsuka 2019.
  • Val av kontaktperson for lokallaget. (Berre betalande medlemmer har stemmerett under dette punktet, men alle frammøtte har forslagsrett.)
  • Namnebytte til Attac Østre Agder? (Berre betalande medlemmer har stemmerett under dette punktet, men alle frammøtte har forslagsrett.)
  • Foredrag med Aksel  Nærstad og debattmøte: Framleis i samarbeid med Bondelaget og Nei til EU med tema «matsikkerheit»?
  • Tidspunkt for samlingar resten av hausten.
  • Aktivitetar i løpet av hausten.
  • Bør vi lage avisinnlegg om skatteparadisfrie kommunar.

I tillegg blir det sjølsagt som vanleg mogleg å ta opp aktuelle saker sm nokon av dei frammøtte ønskar at vi skal snakke saman om.

Nokre av oss vil sikkert møte litt tidlegare og få seg ein matbit frå buffeten eller menyen før samlinga startar kl 19.00. Du er sjølsagt også hjarteleg velkommen til å gjere det.

Sted:

Hong Kong Restaurant

Østregate 1, Arendal

Tid:

tirsdag 3. september

19:00

Arrangør(er):